Bil, ATV og motorsykkel

Etter lov om motorferdsel i utmark er bruk av bil eller anna motorisert kjøretøy forbode i utmark.

Vegar som ikkje er laga for kjøring med vanleg bil blir rekna som utmark i denne samanheng. Det vil seia at vedvegar, trasé for skiløyper m.v. ikkje kan brukast, sjølv om ein kan koma fram med ein høg firehjulstrekker. Vedvegar kan sjølvsagt brukast til transport av ved.