Om motorisert ferdsel

Informasjon om motorisert ferdsel i utmark og vassdrag i Vestre Slidre

Lov og forskrift

Motorferdsel i utmark og vassdrag er som hovudregel forbode. Dette er regulert i ”Lov om motorisert ferdsel i utmark og vassdrag” med kommunal og nasjonale forskrifter. Lova tek ikkje sikte på å hindre nødvendig ferdsel til godkjente nytteformål. Det er unnatak m.a. for politi, oppsyn, redningsteneste, landbruk, motorsport m.m. Kommunen kan dessutan gi dispensasjonar til bestemte formål.

Kvar lova gjeld

Lova tek utgangspunkt i friluftslova si definisjon av utmark, men med enkelte tillegg. Som utmark reknast også veg som ikkje er brøytt og veg som ikkje er opparbeidd for ferdsel med vanleg bil. Tilsvarande gjeld også for stølsvoll, hustomt, kulturbeite, engslått og skogplantefelt som ligg i utmark. Forbodet mot motorferdsel i utmark gjeld også for grunneigaren sin ferdsel på eigen eigedom.

Krav til kjøring

Motorferdsel i utmark og vassdrag skal skje på ein slik måte at ein unngår skade og ulempe for naturmiljø og folk. Kjøring skal avgrensas så mykje som mulig og om mulig følgje eldre kjørespor. Kjøring skal alltid skje med kortaste kjørestrekning i utmarka, dvs ut frå næraste opne veg. Det er derfor ikkje lov til å kjøre f.eks. snøskuter i utmark frå bygda til støls- eller hytteområda.

Arbeid som fortrinnsvis kan utførast i barkmarksperioden kan ikkje utførast på vinteren ved å nytte motorisert ferdsel i utmark. Eksempel på dette er vedlikehalds- og installasjonsarbeid på hytter og stølar.

Leigekjøring

Kommunen tildeler eit avgrensa tal løyver til leigetransport med snøskuter etter §5 i nasjonal forskrift. Andre søkjarar vil bli vist til leigekjørarane og andre løyver skal avgrensast til eit minimum.

Leigekjøring skal avgrensast mest mulig og gjeld berre til nødvendig nyttetransport. Transportbehovet må ha eit slik omfang at det ikkje er naturleg å bera bagasjen/utstyret. Løyvet omfattar ikkje persontransport. Det er likevel lov å ta med personar dersom det ikkje fører med seg ekstra kjøring. Løyvet kan ikkje brukast til postkjøring, taxikjøring, levering av vatn, oppfyring av hytter, løypekjøring o.l. Løyvet gjeld berre for den snøskuteren som står oppført i løyvet. Ved skifte av skuter skal dette varslast til kommunen som skriv ut nytt løyve.
Alle oppdrag skal førast inn i kjørebok før transporten tek til. Det skal vera underskrift av oppdragsgjevar i kjørebok når oppdragsgjevar ikkje er med, alternativt så skal det ligge føre skriftleg avtale om oppdraget. Kjørebok og avtale må kunne visast fram for politi eller oppsyn ved kontroll.

Personar med løyve til leigetransport pliktar i utgangspunktet å stille opp etter behov eller i fellesskap organisere seg slik at det er eit tilbod tilgjengeleg gjennom heile vintersesongen.

Tilsyn av hytter etter oppdrag frå eigar

Løyve til leigekjøring omfattar kjøring for tilsyn av hytter etter oppdrag frå eigar. Behovet for tilsyn på hytter er svært avgrensa. Det er berre heilt spesielle forhold, slik som etter store snøfall, som gjer det nødvendig med tilsyn. Bruk av snøskuter for å fyre opp hytta før eigaren kjem er ikkje tillete. Det kan ikkje avtalast kontroll av hytta med faste intervall for å kontrollere om det har vore innbrot e.l. Ved tilsynsoppgåver skal det ligge føre skriftleg avtale om oppdraget og det må skje mot vederlag. Avtalen må kunne visast fram for politi eller oppsyn ved kontroll.

Næringskøyring i landbruket

Nødvendig person- og godstransport er tillete i jordbruks-, skogsbruks- og reindriftsnæringen. Det må dreie seg om reell næringsmessig drift. Det kan krevjast at det blir lagt fram næringsoppgåve for å dokumentere drifta og det må ha ei visst økonomisk omfang.

Mange har oppfatta at det er lovleg å kjøre til stølen med snøskuter, men det er svært få lovlege grunnar for slik kjøring. På lik line med hytter er det berre heilt spesielle vêrforhold som gjer det nødvendig med tilsyn av stølshus. Vedlikehald av stølshus kan fortrinnsvis skje i barmarksperioden og slikt arbeid gjev derfor ingen rett til bruk av snøskuter. Stølen må også vera i aktiv bruk for å reknast som del av jordbruksdrifta.

Drift og vedlikehald av utleigehytter er i denne samanheng ikkje å sjå på som næring i jordbruk eller skogbruk, sjølv om utleigeverksemda er ein del av drifta på garden. Det er ikkje lov til å bruke ATV e.l. til sanking av sau. Jakt, fangst og fiske reknast ikkje som næring (generelt fritak til å frakte ut felt elg/hjort).

Transport av ved på eigen eigedom fram til eigen bustad er å rekne som ein del av landbruksnæring og kan skje utan søknad. Det må søkjast om løyve om transporten skal skje utanom eigen eigedom. For transport av ved i statsallmenningen må derfor alle søkje om løyve eller nytte leigekjørar.

Kjøring i samband med bygging

På vinterføre kan motorkøyretøy nyttast til transport av materialar, utstyr og arbeidsfolk til bygging i samsvar med byggeløyve. Unntaket gjeld for normal byggeperiode og er avgrensa til 3 år. Køyring i samband med vedlikehalds- og installasjonsarbeid etter byggeperioden er ikkje tillete. Kopi av byggeløyve skal vera med under kjøring og kunne leggjast fram ved kontroll.

Funksjonshemma

Personar med varige og vesentlege bevegelseshemmingar som ikkje skuldast alderdom, kan på bestemte vilkår søkje kommunen om løyve til persontransport. Funksjonshemming grunna alder eller midlertidig sjukdom kjem ikkje inn under unntaket. Kommunen vil krevja legeerklæring på særskilt skjema som dokumentasjon ved søknad om dispensasjon. I størst mogleg grad vil funksjonshemma bli vist til leigekøyrarane.

Preparering av skiløyper

Preparering av skiløyper og skibakkar for allmennheita kan utførast av kommunen, turistbedrifter, idrettslag, hjelpekorps, turlag utan kommunalt løyve. Det er viktig å samordne ulike tilretteleggingstiltak for å unngå brukarkonfliktar med andre interesser. Leigekjøringsløyve gir ikkje rett til preparering av skiløyper. Det er viktig å gjera avtale med grunneigar/grunneigarlag før preparering av skiløyper.

Grunneigar sin rett til å nekte ferdsel

Grunneigar eller brukar(forpaktar/festar) kan nekte eller avgrense motorisert ferdsel på sin eigedom eller styre bruken til bestemte løyper. I statsallmenningen er det laga til løypekart som skal følgjast.

Bruk av motorbåt 

Reglar for bruk går fram av kommunal forskrift gjeldande frå 11.12.15: 
a) På Storfjorden, M. Syndin og S. Syndin er det tillate med motorstyrke på inntil 10 hk.
b) På Slidrefjorden er det ikkje øvre grense for motorstyrke.
c) For Strandefjorden sin del i Vestre Slidre gjeld reglane for Nord-Aurdal kommune.
d) For N. Syndin sin del i Vestre Slidre gjeld reglane for Vang Kommune (15 hk)
e) For Heggefjorden (6 hk) og Øyangen (10 hk) sin del i Vestre Slidre gjeld reglane i Øystre Slidre kommune.

Elektrisk motor er rekna på lik line som vanleg forbrenningsmotor.

Kontroll

Politiet og fjelloppsynet fører tilsyn med motorisert ferdsel i utmark og vassdrag. Dokumentasjon for rett til kjøring skal visast fram til politi eller oppsyn ved kontroll. Den som kjører i strid med reglane vil kunne bli bøtelagt og få inndrege eventuelt løyve. Straffeansvar gjeld ikkje berre førar av kjøretøyet, men også passasjerar eller andre som har medverka til kjøring ved f.eks. bestilling eller betaling for kjøring.

Andre aktuelle reglar for bruk av kjøretøy i utmark

Vegtrafikkloven gjeld all trafikk med kjøretøy. Dette gjeld uansett om bruken er på offentleg veg, på privat veg, på offentlig eigedom, på privat eigedom, i terrenget, på lukka bane eller på avsperra område.

Registreringsplikt

Både snøskuter og ATV/motorsykkel er registreringspliktig (særskilte reglar for motorsport). Dette gjeld også utgåver som feilaktig blir selt som ”barneleiker”. Skiltet skal festa i front eller på venstre side på snøskuter og bak på ATV og motorsykkel. Uregisterte kjøretøy blir innrapportert og det blir kravd inn registreringsavgift og tilleggsavgift.
Det er ikkje lov å bruke kjøretøy med svarte skilt (anleggsskilt) på offentleg veg.  Det er lov å krysse veg.

Krav til førarkort

Det er krav om førarkort for kjøring med snøskuter og ATV/motorsykkel (særskilte reglar for motorsport).

Snøskuter på offentleg veg

Det er ikkje lov å bruke snøskuter på offentleg veg. Det er lov å krysse veg.

Hjelmpåbod

Det er påbode å bruke godkjent hjelm ved kjøring med snøskuter eller motorsykkel/ATV (ikkje ATV registert som traktor/motorreiskap). Hjelmpåbodet gjeld også passasjerar på skuterslede.

Fartsgrenser for snøskuter

I terrenget: 70 km/t, med slede u/passasjer: 60 km/t, med slede m/passasjer: 40 km/t og på veg: 30 km/t.