Snøskuter

Etter lov om motorferdsel i utmark er bruk av snøskuter forbode. Det er likevel nokre unntak, m.a. for leigetransport og løypekjøring. Kontakt kommunen for oversikt om du treng snøskutertransport eller gå til kommunen si nettside. Det er også fleire som har lov til å drive løypepreparering (desse har gul vest merka ”Løypekjøring”).

Ulovleg kjøring med snøskuter

Ulovleg kjøring med snøskuter er eit problem. Politi og fjelloppsyn har ein del kontrollarar i området, men det er etablert eit varslingssystem som gjer at desse kontrollane ikkje kjem overraskande.
For å hindre at skuterkjøring ikkje utviklar seg til eit større problem, er ein avhengige av at andre brukarar av fjellet engasjerar seg. Dette gjeld ikkje minst å gje uttrykk for at ein ikkje godtek unødig kjøring. Ta gjerne foto eller video av ulovleg kjøring. Dette er faktisk eit effektivt virkemiddel for å hindre ulovleg skuterkjøring.

Det er offentleg påtale for ulovleg snøskuterkjøring og brot på lovverket kan kven som vil anmelde sjølv om politi/oppsyn ikkje har oppservert kjøringa. Skriv opp registreringsnummer og ta foto/video av dei som kjører ulovleg.

Politi og fjelloppsyn tek også mot meldingar om ulovleg kjøring. Dette gjeld spesielt viktig medan det skjer, men er også viktig for å få kartlagt bruksvanar.

Det har vorte ein skremmande utvikling innanfor delar av dette miljøet. Politi og oppsyn blir kjørt ned og det blir sett fram truslar over for tenestemenn og familien. I delar av vårt område tilrår derfor politiet at ein ikkje driv kontroll åleine.

All skuterkjøring er ikkje unødvendig, hugs at mange gjer ein god jobb med transportkjøring og løypepreparering.

Statskog har berre gjeve løyve til løypepreparering til Nøsen løypelag, Vasetløypene, Vestfjelløypene og Valdres trekkhundklubb. Statskog akseperar ikkje at turistbedifter eller andre kjører opp løyper. 

Meir informasjon

Lov om motorferdsel i utmark
Forskrift for bruk av motorkjøretøyer i utmark og på islagtevassdrag
Klima- og miljødepartementet: Rundkskriv T-1/96 om motorferdsel i utmark og vassdrag
Miljødirektoratet -informasjon om motorisert ferdsel i utmark 
Statens vegvesen: En guide til sikker kjøring