Kjøp fiskekort på nett

 
 
 

 SMS Belastning på mobilfaktura

 

Send SMS med kode til 2377. Kortkjøp blir belasta mobilregning.

Kvittering for fiskekort blir sendt på SMS og fungerar som fiskekort ved kontroll.
Kortet gjeld for stongfiske, sjå side om fiske for prisar, reglar og meir informsjon.

 

Fiskereglar

 
 

§1. Utanbygdsbuande og utlendingar har mot løysing av fiskekort lov til å fiske med stong eller handsnøre. Det er tillete å bruke maksimalt 2 stenger pr. fiskar. Ved isfiske er det lov å bruke inntil 5 pilkestikker. Stong eller handsnøre som er sett ut blir rekna som fastståande reiskap jf. §2 og er ikkje tillete.

Utanbygdsbuande og utlendingar kan fiske med oter i Rensenn og Storfjorden mot løysing av eige fiskekort. 
• Ordninga gjeld frå 15.6 til 15.8.
• Bruk av båt er tillete og det kan brukast 1 oter pr. fiskekort.
• Det kan nyttast inntil 10 floger pr oter.
• Det skal innan 1 veke etter avslutta fiske rapporterast om talet på fisketimar og fangst via inatur (stk/kg).

§2 Innanbygdsbuande har mot løysing av fiskekort lov til å fiske med stong, handsnøre, oter og fastståande reiskap (utstenglar, line, ruse og botngarn). Som innanbygds er å rekne dei som er står registert som fast busett i Vestre Slidre kommune og har vore det siste 12 månader.

Reglar for fiske med fastståande reiskap og oter:  

 
 
oppdaterrte fiskeregler_2020.jpg
 
 

• Fastståande reiskap skal på godt synleg flytemerke vere merka med fiskaren sitt namn og adresse. Merkinga skal berre skje nærast land.
• Kvart båtlag kan ikkje fiska med fastståande reiskap i meir enn eitt vatn på same tid og ingen kan delta i fleire båtlag. Dette gjeld ikkje ved fiske i Rensenn.
• Fiskaren må delta både ved utsetting, ettersyn og opptaking av fastståande reiskap. 
• Hjelpemannskap under fiskinga treng ikkje vera innanbygds eller ha løyst fiskekort. 
• Ved fiske med utstenglar på isen (må merkast med namn), er talet på utstenglar avgrensa til maksimalt 5 stk.
* I perioden f.o.m. 25. august t.o.m. 15. september kan det nyttast inntil 16 garn i Storfjorden pr. båtlag.
 
§3 Fiskekort må vera med under fisket og visast ved kontroll. 

§4 Barn og ungdom t.o.m. 20 år treng ikkje løyse kort for fiske med stong eller handsnøre, men alder må kunne dokumenterast ved kontroll. 

§5 Alt fiske er freda i perioden f.o.m. 16.9 til vatna er islagte. 

§6 Godkjent hevdvunne slørettar kan nyttast f.o.m. 1.6 t.o.m. 15.9.

§7 Fiskaren pliktar å gjera seg kjent med generelle reglar i fjellov og offentlege forskrifter/lover.

§8 Brot på reglane er straffbart, jf. fjellovas §37. 

§9 Det er lov å bruk båtmotor i Nørre Syndin, Midtre Syndin, Sørre Syndin og Storfjorden med dei avgrensingar i motorstyrke som gjeld i kommunal forskrift for motorisert ferdsel i utmark. 
 

 Vedteke i sak 07/20, den 11.02.2020

 

Fiskeguide for statsalmeningen 

Fjellstyret og jeger- & fiskarlaget har laga til fiskeguide for Vestre Slidre statsallmenning.

Dette er eit hefte på 72 sider med mykje god informasjon om praktisk fiske, informasjon om fiskelokalitetar, kart mm.

Fiskeguide kan du kjøpe hjå fiskekortselgarene for kr 10 eller sjå gratis under:

Oterfiske i Storfjorden og Rensenn for utanbygdsbuande 

 

Fjellstyret  tilbyr oterfiske for utanbygds i Storfjorden og Rensenn. Ordninga gjeld fom 15.juni tom 15.august. Kort kan kjøpast på www.inatur.no. 

Bruk av båt er tillete og det kan brukast 1 oterar pr. person. Kvar oter skal maksimalt ha 10 floger. Bruk av motor/elmotor er ikkje tillete i Rensenn.

Innan 1 veke skal det rapporterast om talet på fisketimar og fangst (stk/kg). 

Fiskerapport

Fiskerapport skal skje via inatur.no.

 

Familiefiskedag ved Buaråne

 
 

Ved Buaråne blir den årlege fiskedagen ca fyrste helga i juli kl 11:00. Sjå eige invitasjon under “nyheter”.

Dette er ei uformell familesamling for dei som er interessert i fiske. Kom for å fiske, smake på gratis smaksprøver eller berre for ein prat.

Vel møtt!

Startkontigent

Barn: kr 25
Vaksne: kr 50
Familie: kr 75

Aktivitetar

Fiskekonkurranse
Smaksprøver
Informasjon om fisk og tillaging av fisk
Fisk er satt ut 
Påmelding frå kl 11.00.

Det kostar ingen ting for å koma for ein sosial fiskeprat eller for å teste smaksprøvene av fisk.

Fiskedagen blir arrangert av Vestre Slidre jeger- og fiskarlag i samarbeid med Vestre Slidre fjellstyre, og i 2022 hadde ein 35 års jubileum