Fiskereglar

  1. Fiske med stong og handsnøre er tillate i tida fom. 1.1 tom. 15.9. Det er tillete å bruke maksimalt 2 stenger pr. fiskar. Barn og ungdom under 21 år treng ikkje løyse kort for fiske med stong. Handsnøre eller stong som er sett ut blir rekna som fastståande reiskap jfr. §2.
  2. I tida fom 1.6 tom 15.9 kan innanbygds fiska med oter og fastståande reiskap (garn, kupe, line, utstenglar). Kvart båtlag kan ikkje fiska med fastståande reiskap i meir enn eitt vatn på same tid og ingen kan delta i fleire båtlag. Som innanbygds er å rekne dei som er står i folkeregisteret for V.Slidre samt dei som er eigarar eller forpaktar av bruksberettiga eigendom i V.Slidre kommune.
  3. Fastståande reiskap skal på godt synlege flytemerker vere merka med fiskaren sitt namn og adresse. Merkinga skal berre skje nærast land.
  4. Maksimalt tal for kvart båtlag ved garnfiske:
    12 garn: Storfjorden
    10 garn: Grønsenn og Rensenn
    8 garn: M.Syndin, S.Syndin, Nestisvatnet, Mosvatnet og Halvorstølstjednet/Matkista
    4 garn: Køltjednet, Strøstjednet, Svulttjedet og Skruvletjednet
    Andre vatn er ikkje tillate for fiske med fastståande reiskap.
  5. Minste maskevidde for garn er 35 mm. Kvart garn skal ha vanleg lengde, ca. 25 meter.
  6. Godkjent hevdvunne slørettar kan nyttast fom. 01.06 tom. 15.09.
  7. Fiskaren pliktar å gjera seg kjent med generelle reglar i offentlege forskrifter, fjellov og innlandsfiskelov.