Om fiske
Gratis stongfiske for alle under 21 år
For å rekruttere barn og ungdom til fiske har fjellstyret vedteke at alle under 21 år får fiske gratis i Vestre Slidre statsallmenning. Det trengst ikkje løysast kort, men fiskaren må dokumentere alderen der dette kan vera tvil.
Korttype og pris
| Korttype | Enkeltkort |
Inkl. ektefelle/sambuar |
|---|---|---|
| 1-døgn | 60 | 75 |
| 3-døgn | 120 | 150 |
| Veke | 180 | 225 |
| Sesong 2 | 270 | 340 |
Barn tom. 20 år fiskar gratis.
2 Sesong: 1.januar - 15. september
Kort er å få kjøpt i butikkane eller kan bestillast via SMS, sjå eige infoside.
Kort kan også kjøpast på internett: inatur.no.
Fiskevatn
20 fiskevatn totalt areal på 20 km², 3 elver, ca 10 km
Fiskeartar
Alle vatna har rein aurebestand eller blanding med abbor (oversikt over dei ulike vatna på fiskekortet).
Fisketid
Fiske med stong og handsnøre er tillate i tida fom. 01.01 tom. 15.09.
Båt
Det er tillete å fiske frå båt. På Storfjorden er det lov til å bruke påhengsmotor på inntil 7 HK.