Kven gjer kva?

Forvaltninga av statsallmenningane er samansett, og kan for mange virke uoversiktlig. Sentralt står Fjelloven (fjellstyra) og Statsallmenningsloven (allmenningsstyra) med forskrifter. Statskog, fjellstyret og allmenningsstyret har ulike oppgåver i forvaltning av statsallmenningane.

Hovudregelen er at fjellstyret administrerar bruksrettane (stølsbruk, jakt og fiske mm) medan Statskog administrerar grunndisponering (hytteområde, vegar mm). Almenningstyret administerar skogen.

Fjellstyret

Fjellstyret administrerer bruksrettar etter Fjellova og driv tilretteleggingsarbeid for allmennheita. Fjellstyret sitt arbeidsfelt omfattar bl.a. beite, stølsbruk, jakt og fiske, oppsyn, tilrettelegging for friluftsliv og støtte til lokal næringsutvikling. Fjellstyret blir valt av kommunestyret.

Informasjon

Vestre Slidre fjellstyre: Tlf 61 34 50 88 / 61 34 50 88
Internett: www.vestre-slidre-fjellstyre.no
Norges fjellstyresamband: Tlf: 22 83 15 35
Internett: www.fjellstyrene.no

Statskog

Statskog grunneigar og tek avgjer når det gjeld spørsmål knytt til grunndisponering slik som hyttefeste, dyrkingsjord, vegbygging m.m. Eit delmål for Statskog er å legge til rette for allmennheita sitt friluftsliv på statsgrunn landet over.

Informasjon

Avdeling Lillehammer: kontaktperson Borghild Simengård tlf 951 68 563
Statskog konsernkontor: tlf  07 800
Internett: www.statskog.no

Allmenningsstyret

Allmenningsstyret administrerar bruksretten til skogsvirke og står for utvisning av ved i V.Slidre statsallmenning. Allmenningsstyret blir valt av dei bruksberettiga. Vedutvisning skjer i starten av juli (sjå annonse i avisa Valdres) eller vår nettside om vedutvisning.