Bandtvang for hund 1.4-10.10

Det er bandtvang for hundar frå 1. april til 10. oktober. Hundar skal også utanom bandtvagstida vera under kontroll. Reglane for bandtvang er viktige med tanke på å beskytte både husdyr og vilt. På grunn av svært låg rypestamme er det ekstra viktig at reglane også blir respektert i tida det ikkje er husdyr i fjelletDet vil bli utført konroll av fjelloppsynet og ev. brot må påreknast å bli meldt til politiet. 

Last ned brosjyre "Båndtvang, ditt ansvar som hundeholder"     

 


Det er ein generell og absolutt bandtvangsbestemmelse i Hundeloven for perioden 1.4 – 20.08. 
I tillegg til regelane i Hundeloven, kan kommunane bestemme eigne forskrifter på områder som loven gir anledning til. For Veste Slidre er det i lokal forskrift bestemt at det er utvida bandtvang i tida 21.8-10.10 for å ta omsyn til husdyr på beite. Reguleringa gjeld for der husdyr har lov å beite og faktisk beiter.  Det er også vedteke bandtvang for ein del skiløyper; all lysløyper og i 3/10 km på Vaset. Sjå forskrift under for meir detaljert informasjon.  .

Forskrift om hundehald, Vestre Slidre kommune, Oppland

Heimel: Fastsett av Vestre Slidre kommunestyre 10. juni 2010 med heimel i lov 4. juli 2003 nr. 74 om hundehold (hundeloven) § 6, § 9, § 11 og § 12.

§ 1. Verkeområde og definisjon
Forskrifta omfattar hundehald i Vestre Slidre kommune. Forskrifta supplerer avgjerder gjeve i lov 4. juli 2003 nr. 74 om hundehald, og må sjåast i samanheng med denne.
Med bandtvang i denne forskrifta er det meint at hundehaldar skal halde hunden i fysisk band eller forsvarleg inngjerda eller avstengd.

§ 2. Utvida bandtvang av omsyn til husdyr på beite
I Vestre Slidre kommune er det, i tillegg til ordinær bandtvang f.o.m. 1 april t.o.m. 20. august, utvida bandtvang f.o.m. 21.august t.o.m. 10. oktober.
        Dette gjeld områder der dyr har rett til å beite og faktisk beiter.

§ 3. Bandtvang i område av omsyn til menneske
Det er bandtvang i alle lysløyper og 3 og 10 km på Vaset. Dersom hund er med skal hunden ikkje vera til hinder for andre brukarar.
Det er bandtvang heile året på tettstader, bustadområde, område regulert til offentlege formål, og tilrettelagde friluftsområde.
§ 4. Område der hund ikkje har, eller har avgrensa tilgang
Hund har ikkje tilgang til barnehage, skuleområde, kyrkjegard eller offentleg bygg utan avtale mellom hundeførar og den ansvarlege for bygget.
       Dette punktet omfattar ikkje tenestehund, og førarhund for blinde eller svaksynte.

§ 5. Avgjerder om ro og hygiene
       Utandørs skal hund passast, slik at den ikkje forstyrrar nabolaget med vedvarande støy.
      Hundehaldar pliktar straks å fjerne ekskrement som hunden legg att i tettbygd strøk, langs offentleg veg,
      idrettsanlegg, tråkkemaskinpreparerte skiløyper og tilrettelagt friluftsområde.

§ 6. Dispensasjon
Kommunen kan etter skriftleg søknad dispensere frå bestemmelsane etter hundelova § 4, § 6, og § 7 eller i denne forskrifta.

§ 7. Straff
       Brot på avgjerdene etter denne forskrifta er straffbart og kan straffast etter § 28 i hundelova.

§ 8. Iverksetjing
       Denne forskrifta gjeld frå den tid den er offentleggjort i Norsk Lovtidend.