Geocaching

Dette er ein raskt veksande sport for den som likar turar og vandring. Dette er ein blanding mellom orienteringsløp, vandring og skattejakt - ved hjelp av GPS. Geocaching er ein sport som heile familien kan delta på.

Kva er Geocaching?

Ein person gjømer ein boks (turboks) eller liknande ein stad, med ei loggbok og blyant som viktigaste innhald. Denne personen publiserar så koordinatane til denne boksen på Internett, saman med tips og forklaringar.

Interesserte kan så finne turboksen og skrive seg inn i loggboka. Besøkande skriv også ein liten logg på nettsida til denne turboksen. Loggane kan alle lese. Det er ofte ein lengre turlogg og er morosam lesing. I turboksane ligger det ofte også ein del småting (leiker, kortstokkar, pengar osv.), som det kan byttes i. Regelen er at om ein tek noko frå turboksen, må ein også legge att noko.

Kva trenger ein for å starte?

Fyrst og fremst må ein ha GPS, pris frå rundt 1200 kroner og oppover. Her er det mykje å velja i, med mange funksjoner og finessar. Lommebok og interesse avgjer val. Ein trenger også tilgang til Internett og til www.geocaching.com. Det er her ein finn opplysning om alle turboksane, loggane og forklaringane. Det er også her du skriv inn logg etter turen.

Lokale turboksar

Det er lagt ut ein del turboksar i vårt lokale område.  Direkte link til kart med turmål i Vestre Slidre.