Bandtvang for hund
Det er bandtvang for hundar frå 1. april til 10. oktober. Hundar skal også utanom bandtvagstida vera under kontroll. Reglane for bandtvang er viktige med tanke på å beskytte både husdyr og vilt.
Vestre Slidre Kommunestyre vedtok 10.06. 2010 ny forskrift for hundehald i Vestre Slidre. Forskrifta er gyldig frå 01.07.2010.
Forskrift om hundehald, Vestre Slidre kommune, Oppland
Heimel: Fastsett av Vestre Slidre kommunestyre 10. juni 2010 med heimel i lov 4. juli 2003 nr. 74 om hundehold (hundeloven) § 6, § 9, § 11 og § 12.
Forskrifta omfattar hundehald i Vestre Slidre kommune. Forskrifta supplerer avgjerder gjeve i lov 4. juli 2003 nr. 74 om hundehald, og må sjåast i samanheng med denne.
Med bandtvang i denne forskrifta er det meint at hundehaldar skal halde hunden i fysisk band eller forsvarleg inngjerda eller avstengd.
I Vestre Slidre kommune er det, i tillegg til ordinær bandtvang f.o.m. 1 april t.o.m. 20. august, utvida bandtvang f.o.m. 21.august t.o.m. 10. oktober.
Dette gjeld områder der dyr har rett til å beite og faktisk beiter.
Det er bandtvang i alle lysløyper og 3 og 10 km på Vaset. Dersom hund er med skal hunden ikkje vera til hinder for andre brukarar.
Det er bandtvang heile året på tettstader, bustadområde, område regulert til offentlege formål, og tilrettelagde friluftsområde.
Hund har ikkje tilgang til barnehage, skuleområde, kyrkjegard eller offentleg bygg utan avtale mellom hundeførar og den ansvarlege for bygget.
Dette punktet omfattar ikkje tenestehund, og førarhund for blinde eller svaksynte.
Utandørs skal hund passast, slik at den ikkje forstyrrar nabolaget med vedvarande støy.
Hundehaldar pliktar straks å fjerne ekskrement som hunden legg att i tettbygd strøk, langs offentleg veg, idrettsanlegg, tråkkemaskinpreparerte skiløyper og tilrettelagt friluftsområde.
Kommunen kan etter skriftleg søknad dispensere frå bestemmelsane etter hundelova § 4, § 6, og § 7 eller i denne forskrifta.
Brot på avgjerdene etter denne forskrifta er straffbart og kan straffast etter § 28 i hundelova.
Denne forskrifta gjeld frå den tid den er offentleggjort i Norsk Lovtidend.