Open bu ved Matkista

Ved Matkista (vest for Mosvatnet) har fjellstyret ei bu som står open til fri bruk. Det er 3 sengeplassar og du må ha med deg utstyret du treng. Ta med sovepose og fiskestong!

På same staden har vi også ein båt som fritt kan brukast.
Hytta og båten kan ikkje reserverast.

Kjør vegen frå Nøsen mot Jaslangen. Kjør vidare mot Grunke og stopp ved parkeringsplass 1200m vest for brua over Buaråne. Stig er merka frå parkeringsplass. Om vinteren må du gå frå Buaråne.