Rasteplassar

Fjellstyret har laga til mange rasteplassar i allmenningen. For at det skal vera triveleg å bruke desse plassane er det viktig at alle ryddar etter seg. Hugs derfor å ta med deg søppel etter rasten. Det er sett opp containerar fleire plassar i fjellet.

Finn du nokon som ikkje har rydda etter seg, er vi takknemleg for at du hjelper oss med å ta med søppelet til næraste container.

Rasteplassane er ikkje campingplassar. Dei er laga til for at folk som er på reise kan ta ein stopp. Blir det plassert telt eller campingvogn på plassen hindrar dette til vanleg bruk. Vær derfor så snill at du ikkje campar på rasteplassane.


Frå Nørre Syndin