Turmål 2017

Turmålkassene blir sett ut til Jonsok (Sankthans) og vil bli henta inn etter  haustferien
(23.6-14.10).  
    Last ned deltakerskjema og oversiktskartkart
    Last ned detaljkart for alle turane.
    Skjema vil også lagt ut i Vestre Slidre sparebank, kommunen og fjellstyret. 

 

      

Det er følgjande turmål i 2017: 

1.   Snortheimsåsen, 777 moh   
2.   Kvithøvd,1001 - moh - Slidreåsen

3.   Risteberget,  520 moh
4.   Kruk, 1582 moh - Gilafjellet, Nørre Gilen
5.   Kringelhøvda,
1035 moh
6.   Knippa, 1368  moh
7.   Matkista, 
 868 moh
8.   Gråkampen,1595 moh - Bukonofjellet
9.   Skruvletjednet,1052 moh - Baklie
10. Ålfjell, 1137 moh

Ti turmål er valt i ulike delar av kommunen. Du hentar poeng på kvar tur du tek. Dette gjer at du kan gå fleire turar til same posten om du ynskjer det. For å få krus må du ha 
.minimum 5 ulike turmål med til saman 245 poeng.
 
Turmåla kan ha mange ulike startpunkt og i turmålskjema er det eitt framlegg til turrute. Ved kvart turmål finn du ei turmålkasse med bok for å skrive inn namn og dato for besøket. Kontakttelefon fjellstyret: 909 21 654/957 04 838.
 
Turmålkassene blir sett ut til Jonsok (23.6) og vil bli henta inn etter haustferien (14.10).
 
Dei som har minimum 245 poeng fordelt på minimum 5 turmål, vil få eit porselenskrus med bilde frå Vestre Slidre. Levering av skjema  og henting av krus hjå Vestre Slidre sparebank i tida 15.oktober-1. desember.
 
Krusa er betalt av Vestre Slidre sparebank og Vestre Slidre fjellstyre.
 
Takk til dei som er med på dugnad med å setja ut turmål.
 
Hugs at det er bandtvang for hund frå 1. april til 10. oktober.
 

 

                                                                 God tur!