Endra jaktkortordning
Fjellstyret har frå 2010 endra småviltforvaltninga slik at avskytinga meir skal bli i samsvar med endringane bestanden. Dagskvote og sesonglengde blir bestemt etter rypetaksering og kan også endre seg etter vi får inn jaktresultat. Jegerane pliktar fortløpande å gjera seg kjent med reglane via jakttelefon 952 88 222 eller fjellstyret si nettside www.vestre-slidre-fjellstyre.no. Regulering er mest aktuell for rype, men det kan skje for andre arter (ikkje for rovviltjakt). Slik regulering er kjøpar sin risiko og det blir normalt ikkje tilbakebetalt jaktkortpris.
Ved omorganiseringa i 2010 vart talet på jaktkort redusert og det vart som erstatning opna for anna type jakt slik at det likevel skal vera eit godt jakttilbod for jegerane. Dette er jakt på rovvilt, and/ringdue, orrfugl og treningskort for fuglehund.
Det er særskilte reglar for utanbygds 15.9-14.10:
- Søknadsfrist for jaktkort er 1. april
- Venteliste for nye søkjarar: maksimalt venteliste på 4 år for å få tildelt jaktkort
- Rullering mellom lirypejakt (2 år) og orrfugljakt/treningskort (1 år) + ev. pauseår
- Ved sein/manglande/ufullstendig jaktrapport vil søknad bli nedprioritert