Søknad om småviltjakt 2018

Søknad om småviltjakt . 
Det er no gjennomført trekning på inatur for dei som har søkt om jaktkort. Alle som har fått svar har fått melding om det. Dei som ikkje har fått tildelt jakt, står på venteliste om nokon skulle seie nei til tildlet jaktkort. 

 

 

 

Tidlegare info om jaktsøknad:
Den 05.03.2018 blir det opna for mulegheit til å kunne søkje på jaktkort for småvilt/rype i perioden 15.9 – 24.9, samt harejakt i perioden 5.10 – 14.10.t. Søknad skjer via www.inatur.no og søknadsfrist er 1. april, svar på søknad seinast 1. mai. 
 
Som i fjor må ein då legge inn ein søknad på www.inatur.no før den 01.04, for å kunne vere med i trekninga om jaktkort for den første perioden. Nytt i år er at det er avsett 40 % av korta til dei utanbygds som er under definisjonen «eig hytte i Vestre Slidre kommune». 
Dette gjeld då følgjande:
Heimelshavar til hytta, og ein generasjon opp eller ned. Vidare inkluderer ein og ektefelle/registrert sambuar. Dette illustreres ved følgjande eksempel:
  1. «Far» eig hytta, og dette gjev moglegheit til å inkludere farfar og son (uavhengig av kjønn)
  2. «Farfar» eig hytta, normalt kan ein då berre gå ein generasjon ned pga alder, dvs Far er inkludert men ikkje barnebarn.
  3. Ang ektefelle: Dersom ektefelle ikkje er «heimelshavar», gjeld det kun denne personen. Er ektefelle heimelshavar, gjeld det og ein generasjon opp eller ned for denne personen.
Dette er innført som prinsipp i fjellstyresak 1/2018, og er i tråd med rapport: «småviltutvalgets anbefalinger» utreda frå Fjellstyresambandet. Målsetjing her er å sikre ein viss stabilitet i jegermassa. NB! - ved juks, slettes vedkommande/evt jegergruppa om det søkes saman frå heile trekninga, også den opne trekninga.
Korttypar:
Vanleg jakt på småvilt (rype) er delt opp i 2 ulike kort, der dei som inngår i definisjonen for "utanbygds med hytte i Vestre Slidre kommune" (sjå definisjon ovanfor) gjes mulegheit til å søkje om begge korta - båe for dette kortet samt det "opne kortet".
Dei som ikkje kjem innafor definisjonen "utanbygds med hytte i Vestre Slidre kommune" kan berre søkje om kort i den "opne" trekninga. Til informasjon ligg 60 % av korta i den opne trekninga.
Kor stor sesongkvote/dagskvote det vert på rypejakt er ennå ikkje definert, dette vil ein ta stilling til når taksering er gjennomført. Til info: dersom det vert så dårleg takseringsresultat at ein ikkje opner for rypejakt, vil ein kunne få refundert 75 % av innbetalt jaktkortavgift om ein ikkje ynskjer å nytte tildelt kort til anna jakt som på Orrfugl m.m.

Ang. harejakt med hund er det no i fyrste rekke opna for ei trekning for den fyrste perioden, men det vert og opna for fritt kortsal frå og med 15.10. Det vert og fritt kortsal for orrfugljakt etter 15.10.

Fjellstyrevedtak om småviltjakta 2018: Link til side