Om stølsbruk

 

Vestre Slidre er den statsallmenning som har det mest aktive stølsbruk i landet.

- 300 stølar fordelt på 40 stølslag
- 90 % av desse er i bruk til mjølkeproduksjon, beite eller slått
- 95 % av mjølkeprodusentane nyttar stølane til tradisjonell stølsdrift
- stølar/tilleggsjord: 10.000 da
- dyrkbar jord: 25.000 da

Stølane har i mange hundre år vore svært viktige for landbruket i Slidrebygdene, og kultur-landskapet i fjellet ber sterkt preg av dette. Landbruket i Vestre Slidre har den mest aktive stølsbruken i heile landet, over 95 % av mjølkebruka tek buskapen til fjells om sommaren. Dei fleste stølane finn vi i tettbygde stølslag på dei frodige, flate viddene i Vestfjellet.

Områda i Vestfjellet er peika ut som eit viktig natur- og kulturlandskap av Nordisk Ministerråd og dette er også dokumentert gjennom fleire andre undersøkingar. Nedgangen i landbruket trugar no dette landskapet og den livsforma som har skapt stølslandskapet vi kjenner i dag. Det gamle kulturlandskapet med levande tradisjonar og stort biologisk mangfald er Valdres-landbruket sitt viktigaste bidrag til storsamfunnet.

 

Gjerdehald og beitebruk 

 

Kommunen har i samarbeid med fjellstyret utarbeidd informsjonsfolder om beitebruk og gjerdehald. Last ned folderen (pdf) her.


 

 Almenningsrett knytt til jordbruk

 

Allmenningsrett knytt til jordbruk er ein bruksrett som er hevda gjennom århunder og er regulert i fjellov og forskrift.
Overordna målsetning i fjellov/stølsforskrift er at bruksrett knytt til eigedom kan berre nyttast så langt det skjer i tilknyting til drifta av eigedomen som jordbruk

Norges fjellstyresamband skriv følgjande om allmenningsrett knytt til jordbruk.

 

Utvising av støl 

 

Retten til å få utvist støl i statsallmenningane er en del av allmenningsretten. Gardbrukar med beiterett kan få utvist støl om han kan dokumentere eit behov.
Tildeling av støl høyrer inn under fjellstyrets kompetanseområde. Søknad om støl skal sendast fjellstyret og fjellstyrt skal innhente uttale m.a. frå Statskog SF.

Er ikkje stølen teke i bruk innan 5 år, fell stølen i det fri. Garden beheld allmenningsretten og kan få vist ut ny støl eller tilleggsjord dersom behovet oppstår på nytt.

Les meir: Stølsforskrift §6

 

Utvising av tilleggsjord 

 

Jordbrukar med eit behov ut frå jordbruksdrift kan få vist ut tilleggsjord. Søknad skal sendast fjellstyret. Utvist tilleggsjord fell autmatisk i det fri om arealet ikkje er teke i bruk innan 5 år.  Retten til utvist tilleggsjord opphøyrer dersom den har vore ute av bruk i ei samanhengande periode på 5 år.

Les meir: Stølsforskrift § 20. Utvising av tilleggsjord og sakshandsaming

 

Bygging på støl 

 

Bygging på støl er regulert i stølsforskrift:
§ 10 - Støl i bruk: Søknad om bygging på støl blir avgjort av fjellstyret. Fjellstyret skal vurdere behovet og ev. setja vilkår.  Søknad skal sendast Statskog og regional kulturstyresmakt til uttale.
§ 11 - Støl som ikkje er i bruk: Det er tillate vanleg vedlikehald, men det blir normalt ikkje gjeve løyve til tilbygg.
 

Krav til søknad:

  • Teikningar - detaljerte teikningar med grunnriss, fasasader

  • Kartskisse

  • Skjema for bygging på støl (last ned)

Fjellstyret skal sende byggesøknad til Statskog og regional kulturstyresmakt til uttale. Søknad må derfor seinast sendast minimum 1 månad før fjellstyremøte. Møteplan ligg på nettsida. Regional kulturstyresmakt har laga reglar om utforming av bygg.

Fjellstyret oversender vedtak til kommunen til orientering, men stølsbrukaren må sjølv sende byggemelding til kommunen.

Les meir: Stølsforskrift § 10, Om søknad om å setje opp, utvide og endre hus

 

Støl i bruk og støl fell i det fri 

 

Om ein støl er i bruk eller ikkje, er viktig for byggesaker og frilegging av støl. Det er ikkje nødvendig med mjølkeproduksjon på stølen, men stølen må som minimum brukast til fôrproduksjon eller beite som ein del av jordbruksdrifta på garden. Det som er avgjerande er at stølen tenar den jordbruksmessige utnyttinga av eigedomen stølen høyrer til.

Isolert bortleige av stølen til ein allmeningsberettiga stølsbrukar er ikkje bruk jf. fjellova. Slik bortleige kan likevel skje for inntil ei periode inntil 10 år, men stølen er då ikkje i bruk.

Fjellstyret er pålagt å kontrollere om stølane er i bruk. Slik kontroll skal skje minimum kvart 10. år og dokumentasjon på kontroll skal sendast Statskog.

Les meir: Om når ein støl kan reknast for å vere i bruk
Les meir: Når støl fell i det fri