Bygging på støl

Bygging på støl er regulert i stølsforskrift
§ 10 - Støl i bruk:
Søknad om bygging på støl blir avgjort av fjellstyret. Fjellstyret skal vurdere behovet og ev. setja vilkår.  Søknad skal sendast Statskog og regional kulturstyresmakt til uttale.
§ 11 - Støl som ikkje er i bruk: Det er tillate vanleg vedlikehald, men det blir normalt ikkje gjeve løyve til tilbygg.
 

Krav til søknad:
Teikningar - detaljerte teikningar med grunnriss, fasasader
Kartskisse
Skjema for bygging på støl (last ned)

Fjellstyret skal sende byggesøknad til Statskog og regional kulturstyresmakt til uttale. Søknad må derfor seinast sendast minimum 1 månad før fjellstyremøte. Møteplan ligg på nettsida. Regional kulturstyresmakt har laga reglar om utforming av bygg (link).

Fjellstyret oversender vedtak til kommunen til orientering, men stølsbrukaren må sjølv sende byggemelding til kommunen. .

Stølsforskrift § 10, Om søknad om å setje opp, utvide og endre hus:
Etter søknad som fjellstyret avgjer, kan seterbrukaren setje opp, utvide og endre hus for ei rasjonell utnytting av utvist seter. Fjellstyret skal ta stilling til kva slag og kor mange hus som trengst, deira storleik og standard eller anna, og kan setje vilkår for oppføring, utviding og endring av hus. Fjellstyret skal leggje saka fram for Statskog SF til fråsegn før fjellstyret gjer vedtak etter dette leddet.
Om fjellstyret vil krevje at hus eller anlegg som alt står, skal rivast, må fjellstyret leggje saka fram for regional kulturminnestyresmakt til fråsegn før fjellstyret gjer vedtak. Det same gjeld ved nybygg og endring eller utviding av hus på seter, der dette vil påverke eksisterande kulturmiljø. 10
Departementet sine merknader til § 10
Fjellstyret skal ut frå utvisinga gjere ei konkret vurdering i kvart enkelt tilfelle av kva som er nødvendig og rasjonelt med omsyn til bygningar og tekniske anlegg. Dette gjeld for bygningar til meir tradisjonelle seterformål, og for bygningar tiltenkt ei småskala turistmessig satsing som er omtalt i merknadene til § 6 i forskrifta. Før fjellstyret gjer vedtak, skal saka leggjast fram for Statskog SF til fråsegn. Statskog SF skal ha kopi av fjellstyret sitt vedtak.
Generelt er det både for nybygg og endringar av eksisterande bygg eit vilkår at bygningane følgjer lokale setertradisjonar og er tilpassa kulturlandskapet sin eigenart. Oppføring, utviding og endring av hus kan vere tiltak som òg er melde- eller søkjepliktig etter plan- og bygningslova. Fjellstyret bør i si handsaming ta atterhald om godkjenning frå kommunale styresmakter.
Om fjellstyret finn det aktuelt å gi løyve til eller eventuelt stille vilkår om endring eller utviding av eksisterande bygningar, eller krevje bygningar fjerna, og eit slikt løyve vil påverke eksisterande kulturmiljø, skal fjellstyret innhente fråsegn frå kulturminnestyresmaktene.
Fjellstyret skal føre tilsyn med all bygging på setrene, kontrollere at denne går føre seg i samsvar med føresetnader fjellstyret har fastsett i godkjente planer, gjere vedtak når det er bygd i strid med fjellstyret sitt løyve eller vilkår ikkje er følgt, og setje vedtaka ut i livet.
Fjellstyret sitt vedtak i saker om bygging på utvist seter er enkeltvedtak, og kan bli klaga over til Statens landbruks-forvaltning, jf. § 26 i forskrifta. Det er høve til å klage over sjølve vedtaket eller berre over dei vilkåra som er stilte.
Søknader om ombygging og endring av uthus som det ikkje lenger er aktuelt å bruke i samband med seterdrifta, og som ikkje lenger tener den jordbruksmessige aktiviteten, skal handsamast etter § 24 i forskrifta. Fjellstyret vil såleis i samband med si saksbehandling måtte ta stilling til kva for føresegn som skal brukast. Om Statskog SF er ueinig med fjellstyret i at saka hører inn under § 10 i forskrifta vil fjellstyret sitt vedtak kunne bli klaga over til Statens landbruksforvaltning.