Film om stølsdrift

"Nok er nok" -gruppa har laga til film om støldrifta i Vestre Slidre med støtte frå kommunen og fjellstyret.  Klikk her for å sjå filmen.  
Du kan sjå filmen i HD-kvalitet på Vimeo.com  - trykk på logo under.  Tidlegare passord er sletta og du kan sjå film utan å logge deg inn.  


 
Brev frå Nok er nok-gruppa i Vestre Slidre med informasjon om filmen: 
 
Til alle som er interesserte i stølskultur og stølsfjell

”Nok er nok”-gruppa i Vestre Slidre har laga ein liten filmsnutt for å kaste lys over dei store endringane vi opplever i fjellbygdene og distrikta no. Den vil og bli tilgjengeleg på heimesidene til kommunen og fjellstyret. Filmen vil og bli lagt ut på Youtube eller Vimeo. Filmen kan brukast fritt av alle som arbeider med spørsmål som filmen tek opp, men ikkje til kommersielle formål.

Vi har sett i saman tema som er aktuelle i mange samanhengar, og håpar den kan bidra til ein brei debatt om verdiskaping i fjellregionen og i distrikta generelt. Filmen er på 16 minutt. Vi har tenkt at ved å introdusere ulike tema før ein viser filmen, kan den danne utgangspunkt for eit møte eller brukast som eit innlegg i ein klassetime eller på eit seminar der ein ynskjer å drøfte:
Ulike typar stølsbruk og stølskultur gjennom tidene
- Endringar av ressursbruk og stølsbruk etter tida og tilhøva
- Utmarksbeite og beiteressursar
- Kulturlandskap og attgroing
- Fjellandbruk og rekruttering
- Historia til Tine generelt og meieriet på Fosheim spesielt
- Mjølkebilen si historie og mjølkesjåførane si stilling i bygda

Same kva tema eller innfallsvinkel de vel, håpar vi de vil drøfte kva sentraliseringa gjer med distrikta. Det dreier seg om tap av kunnskap, kompetanse og miljø. Det handlar om tap av:
- Ressursar
- Arbeidsplassar
- Kompetanse
- Innovasjon

Fosheim Ysteri vart lagt ned i 2014. Anlegget er no kome på lokale hender, og det er i ferd med å vekse fram nye arbeidsplassar i Fosheim næringspark. Det nye Valdresmeieriet har i dag 5 arbeidsplassar, og Tine har enno att ein 10-15 stillingar knytt til rådgjeving, gardstankar og transport. Men det er langt fram: for nokre år sidan var det bortimot 100 arbeidsplassar knytt til drifta av Tine Fosheim. Fosheim Næringspark ynskjer no å starte opp ei Gründersmie for å gje idérike og nyskapande folk ein kreativ møteplass og arbeidsplass. Det fell seg slik at filmen får premiere på oppstartsmøtet for Gründersmia i april 2015.

Takk til Vestre Slidre kommune og Vestre Slidre fjellstyre som har finansiert prosjektet. Filmen er resultat av ein stor dugnad. Vi vil med dette få takke Tine Fosheim og alle stølsbrukarane som stilte opp for å lage filmen i lag med oss. Ideen til det heile kom frå Aud Storhaug i Nok er Nok-gruppa som la ut ein liten filmsnutt kalla «Mjølkeruta minutt for minutt». Den vart fort populær. Hanne Lykkja har vore prosjektleiar og Jørn Nyseth Ranum har stått for utforming, filming og redigering. Takk til alle som har bidrege med historier og viktig bakgrunnskunnskap. Takk til Anna Hagen som lånte oss gamle bilde frå Grunke og Olle Rosendal som har forteljarstemma i filmen. Spesielt takk til vårt lokale plateselskap Ta:lik og Blått Gådn og Hekla Stålstrenga som gav oss lov til å bruke musikken deira. Musikken passar godt, både «heime og på støle»!

”Nok er nok”-gruppa i Vestre Slidre, mars 2015

Lykke til med filmframsyningane!