Om stølsbruk
Vestre Slidre statsallmenning har det mest aktive stølsbruk i landet.
- 300 stølar fordelt på 40 stølslag
- 90 % av desse er i bruk til mjølkeproduksjon, beite eller slått
- 95 % av mjølkeprodusentane nyttar stølane til tradisjonell stølsdrift
- stølar/tilleggsjord: 10.000 da
- dyrkbar jord: 25.000 da
Stølane har i mange hundre år vore svært viktige for landbruket i Slidrebygdene, og kultur-landskapet i fjellet ber sterkt preg av dette. Landbruket i Vestre Slidre har den mest aktive stølsbruken i heile landet, over 95 % av mjølkebruka tek buskapen til fjells om sommaren. Dei fleste stølane finn vi i tettbygde stølslag på dei frodige, flate viddene i Vestfjellet.
Områda i Vestfjellet er peika ut som eit viktig natur- og kulturlandskap av Nordisk Ministerråd og dette er også dokumentert gjennom fleire andre undersøkingar. Nedgangen i landbruket trugar no dette landskapet og den livsforma som har skapt stølslandskapet vi kjenner i dag. Det gamle kulturlandskapet med levande tradisjonar og stort biologisk mangfald er Valdres-landbruket sitt viktigaste bidrag til storsamfunnet.
Merkevareprogrammet for Valdres ser stølsbruken og verdiskapinga den representerer som vårt sterkaste kort for å oppretthalde eit tradisjonelt og mangesidig landbruk i bygdene våre. Vestre Slidre kommune og Vestre Slidre fjellstyre ynskjer no å satse offensivt for å sikre stølinga i kommunen. Valdres utmarkskontor fekk våren 2005 i oppgåve å lage eit forprosjekt for å undersøke om eit områdetiltak er ein tenleg måte å organisere ei slik satsing på, og å skissere kva for målsetjing ei slik satsing bør ha, sjå sluttrapport. I januar 2007 er det start opp eit 3-årig områdetiltak ”Heime og på støle” der vi vil jobbe på tvers av fagområde, ansvarsområde og forvaltningsnivå for å oppretthalde stølsbruken og dei verdifulle kulturlandskapa i fjellet, sjå mandat.
Det er eit mål at stølsdrifta skal vere bærekraftig. Bærekraft har tre komponentar: natur, kultur og økonomi, dvs. stølsdrifta er bærekraftig når alle tre komponentane er vurdert. Vi har difor fokus på natur og landskap, lokalsamfunn/stølslag og drift/produktutvikling. Vi skal støtte stølsbrukarane og andre som vil utvikle aktivitetar og vidareutvikle eller skape ny produksjon som fører til at stølsdrifta blir oppretthalden eller vidareutvikla. For å få dette til må vi jobbe både heime og på stølen.
Hanne Lykkja er tilsett som prosjektleiar for det treårig områdetiltak "Heime og på støle". Ho har kontorplass på Slidretun og kan kontaktast på tlf 61 34 50 00 eller 482 72 152. Lykkja kjem frå stillinga som dagleg leiar for Valdres utmarkskontor og har arbeid med liknande områdetiltak i Lofoten.
I styringsgruppa for tiltaket er det 5 representantar for stølsbrukarane, 1 frå kommunen og 1 frå fjellstyret. Styringsgruppa har følgjande samansetning:
Anne-Berit Strømmen Strand, mjølkeprodusent med støl på Flisøyne (statsalm).
Gullik Stee, sauebonde med støl i Strø (verdifullt kulturlandskap/bygningsmiljø i statsalm.)
Ola Riste, mjølkeprodusent med støl på Midtre Syndin (utanfor statsalm. gamle husdyrrasar)
Oddvar Ola Thon, mjølkeprodusent med støl i Murkelie, (aktiv med ryddetiltak i statsalm.)
Liv Stokkebryn, mjølkeprodusent på Ulvhildsete, (utanfor statsalm. grensar mot Ø.Slidre)
Kåre Skogstad, representant for kommunen
Kari Tyldum, representant for fjellstyret