Utvising av tilleggsjord


Jordbrukar med eit behov ut frå jordbruksdrift kan få vist ut tilleggsjord. Søknad skal sendast fjellstyret. Utvist tilleggsjord fell autmatisk i det fri om arealet ikkje er teke i bruk innan 5 år.  Retten til utvist tilleggsjord opphøyrer dersom den har vore ute av bruk i ei samanhengande periode på 5 år.

Stølsforskrift § 20. Utvising av tilleggsjord og sakshandsaming
Jordbrukar med beiterett i statsallmenningen kan - anten åleine eller saman med andre beiterettshavarar - få utvist grunn som er skikka til dyrking eller til kulturbeite som tilleggsjord, jf. § 19 første ledd i fjellova. Det er eit vilkår at dei som har beiterett godtgjer behovet for tilleggsjord. Dette kan til dømes gjerast ved å leggje fram ein driftsplan.
Søknad om utvising av tilleggsjord skal sendast fjellstyret. Fjellstyret skal leggje saka fram for kommunen, Statskog SF og eventuelt allmenningsstyret og områdestyret i reinbeiteområde etter reindriftslova, for fråsegn.
Kommunen handsamar og avgjer søknaden etter gjeldande forskrift om nydyrking i dei tilfelle der søknaden omfattar fulldyrking eller overflatedyrking etter forskrifta. Gjeld søknaden kultivering, og eventuelt inngjerding til beitebruk, skal kommunen gi fråsegn om dei tilhøva som er nemnde i § 5 i forskrifta om nydyrking.
Fjellstyret gjer vedtak om utvising av tilleggsjord til jordbrukar med beiterett. Statskog SF skal ha melding om vedtaket.
Statskog SF avgjer søknader om inngjerding av tilleggsjord etter tilråding frå fjellstyret, jf. § 5 fjerde ledd i forskrifta.
Fjellstyret måler ut setervoll og dyrkingsjord eller kulturbeite som skal visast ut saman med eller leggjast til seter.
Fjellstyret skriv ut eit eige dokument til beiterettshavaren om utvisinga. Fjellstyret skal sende kopi av dette dokumentet til Statskog SF.

Departementet sine merknader til § 20
Departementet legg til grunn at tilleggsjord er jord som skal nyttast til produksjon av fòr som blir hausta og frakta bort frå arealet. Utvising av tilleggsjord er ikkje ein bruksrett. Gjeldande lovgjeving både for statsallmenningane og bygdeallmenningane gir ikkje grunnlag for å slå fast at ein jordbrukar som har allmenningsrett i ein allmenning har krav på å få utvist tilleggsjord.
Det er lagt opp til at fjellstyret skal vurdere utvising av tilleggsjord. Utvising skal skje etter føresegnene i kap. X i fjellova, og føresegnene i kapittel 7 i seterforskrifta her. Når søknad om tilleggsjord kjem inn til fjellstyret skal fjellstyret vurdere saka opp mot dei planane som er lagde for området. Om fjellstyret finn utvising aktuell skal fjellstyret leggje saka fram for dei organa som er nemnde i andre ledd.
I dei tilfella der søknaden blir omfatta av forskrift om nydyrking av 2. mai 1997 nr. 0423 skal kommunen avgjere søknaden etter den nemnde forskrifta sine føresegner, som mellom anna inneber at regional kulturminnestyresmakt skal gi fråsegn. Om kommunen avslår søknaden etter føresegnene i nydyrkingsforskrifta vil saka vere endeleg avgjord, med mindre vedtaket blir omgjort etter klage frå søkjaren.
Om kommunen godkjenner nydyrking skal fjellstyret likevel ta stilling til søknaden og fatte vedtak ut i frå eigen vurdering av saka. I denne vurderinga skal, i tillegg til kommunen sitt vedtak om godkjenning, dei fråsegner som er innhenta frå Statskog SF og eventuelt allmenningsstyret og områdestyret for reindrifta inngå. Blir utvisinga nekta kan dette vedtaket bli klaga over til Statens landbruksforvaltning, jf. § 26 i forskrifta. Klagen skal sendast Statskog SF, som etter nærare vurdering skal sende saka til Statens landbruksforvaltning for endeleg handsaming av klagen.
Om det er søkt om inngjerding av arealet, tek Statskog SF avgjerd om dette.

Reglar om utvising av tilleggsjord finn ein i stølsforskrift §19-§23.