Viktig prinsipiell avklaring frå LMD om stølsforskrift

Fjellstyrt får medhald frå departementet i si tolking av forskrift
Statsråd Vedum seier at gjeldande praksis har vore "helt forgæli".
Fjellstyret har etter mange brev, vedtak møter og befaring med LMD fått gjennomslag for at stølar kan vera i bruk sjølv om det ikkje er husdyr på garden. Fjellstyret har gjennom fleire år opplevd at bruksretten blir forsøkt svekka. Dette er derfor ei viktig prinsippiell avgjerd for å sikre 
innhaldet i bruksretten og variert drift på stølane. 
Artikkel frå avisa Valdres 

 


Brevet til fjellstyret frå LMD finn du på nettsida til 
Landbruk- og matdepartementet.
Vidare informasjon finn du  også på nettsida til Norges fjellstyresamband

Arbeidet har skjedd i nært samarbeid med Øystre Slidre fjellstyre, Norges fjellstyresamband, kommunane i Øystre og Vestre Slidre, Bondelaget (sentralt og lokalt) og lokale stortingpolitikarar. 

Sidan statens forvaltning av statsallmenningane har vorte sentralisert vekk frå Valdres, har fjellstyret registrert ein klar negativ endring i synet på forvaltning av bruksrettane. Vi får no håpe dette er starten på slutten av forsøket på å redusere bruksrettane og lokal forvaltning. Saka syner at det er mulig å nå gjennom om ein står saman og kjempar for ei sak. Det er likevel eit tankekors at ein må legge ned så mykje arbeid over år for å behalde rettar som ein har. Det er bra at politisk leiing har teke ansvar i saka for å følgje fjellova og for å nå landbrukspolitiske mål.