Turmål 2011
Deltakarskjema for Turmål 2011 er klare (13.mai). Skjema vil med det fyrste blir lagt ut på kommunehuset, turistbedrifter m.m.
Alle turkassene vil vera klare ca 1. juni.
Trykk "Les meir" for å laste ned deltakarskjema og kart.
Last ned deltakarskjema .
Last ned turmåla med kart 1:50.000 .
Ti turmål er valt i ulike delar av kommunen. Du hentar poeng på kvar tur du tek. Dette gjer at du kan gå fleire turar til same posten om du ynskjer det. For å få krus må du ha minimum 5 ulike turmål med til saman 255 poeng.
Dei som oppnår 255 poeng og sender inn kortet sitt innan 1. november vil få eit krus med logo og bilde av eit fjellparti i Vestre Slidre. Barn kan i staden få T-skjorte med det same motivet, skriv inn storleik på rapport-skjema. Krusa er sponsa av kommunen og fjellstyret. Kruset kan hentast i resepsjonen i Vestre Slidre kommune frå 20.desember 2011.
Turmåla kan ha mange ulike startpunk. Ved kvart turmål finn du ei Fysak-kasse med turbok & blyant der du kan skrive inn namn og dato for besøket.
Vi vil gjerne ha foto frå turane. Kanskje blir det plukka ut til å pryde årets kopp! Foto bør ha ein storleik på ca 16x6,5 cm. Send foto til: ina.syversen@vestre-slidre.kommune.no
Har du prøvd å finne turmål med GPS? Dette blir kalla Geocatching og postane finn du på internett. Meir informasjon: http://www.gcinfo.no eller www.geocatching.com
Turmål 2011:
|
Fjellsenden 920 moh sørenden av Slettefjell
|
|
Kvithøvd 1001 moh, Slidreåsen
|
|
Svarthamar 1127 moh
|
|
Kruk 1582 moh, Gilafjellet
|
|
Kattugleberget 1100 moh, ved Strø
|
|
Gråkampen 1595 moh, Bukonofjellet
|
|
Skruvletjednet 1052 moh, i Baklie
|
|
Langeberg 1040 moh, v/Krististølen
|
|
Knippa 1368 moh
|
|
Ålfjell 1137 moh
|