Bandtvang for hund (1.4-10.10)

 

Det er bandtvang for hundar frå 1. april til 10. oktober. Hundar skal også utanom bandtvagstida vera under kontroll. Reglane for bandtvang er viktige med tanke på å beskytte både husdyr og vilt. På grunn av svært låg rypestamme er det ekstra viktig at reglane også blir respektert i tida det ikkje er husdyr i fjellet. 

KVIFOR BANDTVANG?

Viltet

Alle artar er sårbare om våren/sumaren. Etter ein lang vinter treng dyr og fuglar ro for å kunne hente seg inn att før dei skal legge egg/ha ungar. Mange bakke-hekkande fugle-artar starter egglegging tidleg i mai, dette gjeld både i skogen og i fjellet. Det er og tam rein som trekker gjennom vår allmenning om våren og hausten, som og er utsett for laushundar.

Sjølv den snillaste hunden kan gjere stor skade på eit lite øyeblikk, og vi har alle eit ansvar for å ivareta viltet. Vis Ansvar !

Beitedyr

I 2020 var det fleire tusen beitedyr i Vestre Slidre. Det er fleire som har opplevd negative situasjonar og skader, som følgje av lause hundar. Hugs at båndtvangen gjeld sjølv om hunden har et gyldig sauebevis, ein opplever fleire som trur det er greit å ha hunden løs så lenge den er “saue-rein”. Dette hjelper imidlertid ikkje vilt og fuglar.

Hundeloven har eit krav om at hunder skal haldast i band, vere innestengt eller inngjerda i perioden 1. april til 20. august. I tillegg er det vedteke ein kommunal forskrift om bandtvang for hund i heile Vestre Slidre kommune frå 21. august til 10. oktober. Det er nokre unnatak frå bestemmelsene, les meir om dette i hundeloven eller i kommunal forskrift. Du kan og lese meir om bandtvang på lovdata.no.

Ulovleg trening av fuglehund

Fjelloppsynet opplever stadig at nokre trener med fuglehund i juli/august. Det er flott å gå tur med hunden, men om det nyttes langline, og ein oppsøker rypekull og løser desse ut er dette ulovleg trening og kan påtalast. Gå gjerne med hunden i langline, og skremmer man tilfeldigvis opp eit rypekull er dette sånn det er, men ikkje oppsøk slike situasjoner. Avbryt når hunden viser interesse og stram inn lina.

KVA KAN DU GJERE FOR Å BIDRA?

  • For det fyrste skal du ha din eigen hund i band. Gjetarhunder (og andre tjenestehunder) har fritak frå bandtvangen, men berre når dei er på jobb.

  • Vi ynsker at du ringer til politiet 02800 når du ser ein laus hund i båndtvangstid, sjølv om du ser hunden på lang avstand. Dette er for at det skal gå fram at lause hundar er ein utfordring. Skjer dette i statsallmenning er det fint om fjelloppsynet og får beskjed (tlf 90 92 16 54)

  • Hvis du vil gå vidare med saka på eige initiativ og anmelde forholdet så er det ein god ide å filme den lause hunden. Ein video er betre enn eit bilde. Alle kan spørre om navnet til hunde-eigaren, sjølv om det ikkje er sikkert at denne vil svare. Hvis vedkommande ikkje vil oppgje navn kan du følgje med og sjå om personen går til ein bil eller til ei hytte. Dokumenter med reg.nr. eller hytteadresse.

POLITI ANMELDELSE

Ved klare brot på bandtvang bestemmelse kan fjelloppsynet (og andre) politi anmelde dette. Dette kan føre til bot (forelegg - som faktisk vert liggande på rullebladet v/ utvida/uttømmande politi attest). Det er og mogleg å forfølge saka vidare gjennom Norges Kennel Klubb (NKK), det er det eksempler på at det gis inntil 2 års karantene for utstillingar/jaktprøver.

Velkommen til oss med hunden i band!

Last ned brosjyre "Båndtvang, ditt ansvar som hundeholder"