Forslag til julegåve
Snøen dalar ned, og jula kjem med stormskritt. Ynskjer du å glede ein storfiskar eller andre med gåve, kan me anbefale følgjande:
Sesongkort (fiskekort for 2026)
Draumefisken ein haustdag
Desse får du til “gamle prisar”, då det kjem nye prisrammer for fjellstyra våren 2026. Dette er digitale kort som løysast hjå inatur.no.
Vestre Slidre fjellstyre har og 3 hytter inklusiv båt som ligg flott til nær fiskevatn/turmål og jaktmulegheiter. Kanskje ei gåve til heile familien med ein helgetur på ei hytte i 2026?
Til info er det berre lagt ut booking ut mai - resten av året kjem etterkvart som vi finn ut kva datoer me treng for eige bruk.
BUARÅNBUE:
Vår nyaste hytte - ferdigstilt desember 2024. Tilrettelagt for rørslehemma med rampe/låge dørtersklar osv. 6 sengeplasser med badstue!
Buarånbue har enkel vinteradkomst - 500m på ski -flat veg
BAKLIBUE:
Flytta frå Skiheisen på Vaset til Baklia, ferdigstilt i 2025. 4 sengeplassar, fint utgangpunkt for fiske i Storfjorden. Eldre hytte som er restaurert.
Bakliabue ligg åpent og fint til
MJØLKE-LARS BUE:
Lita bu mellom Mosvatn/Nestisvatn. Koselig bu med gode fiskemulegheiter. 3 (4) sengeplassar. Bua til han “Mjølke-Lars” då mjølkebilen kjørte i fjellet før i tida.
Utrolig flott nattehimmel på Mjølkelarsbue - lite lysforureining nærleiken
I tillegg har inatur.no ein eigen løysing med gavekort - då kan ein nytte dette på alle tilbod hjå Inatur.no - anten hytteleige/fiskekort/jaktkort eller anna
HER er link til Inatur sitt gavekort.
Med ynskjer om ei fortsatt god førjulstid.
Vestre Slidre fjellstyre