Offentleg ettersyn
UTVIDING AV STØL: S 614 - JASLANGEN
Fjellstyret har motteke ein søknad om «makebyte» på eit stølsareal på S 614 på Jaslangen. Stølen høyrer til Nils-Olav Tilden, og er i bruk i tråd med fjellova.
Søkjer ynskjer å «gje bort» eit areal/ein trekant som er lite nytta som stølsareal, og få utvist eit nytt tillegg inntil eksisterande uthus/fjøs. Dette då det føreligg tankar om evt påbygg/nytt uthus, samt at eksisterande bygg ligg inntil grensa som gjer dette vanskeleg å nytte i dag.
Saka er take opp i fjellstyret i møte den 18. juni, der det vart fatta følgjande vedtak (sak 26/2025):
Vestre Slidre fjellstyre er positiv til omsøkt makebyte av stølsareal, og sender saka på høyring i tråd med at det er synt eit behov jfr fjellova § 6. Det kan bli sett ein føresetnad om at eksisterande stig som ligg i kartet skal ryddast minst 1 meter til kvar side for å bli meir synleg.
Fjellstyret ber Statskog vurdere tilpassing av øvre tilkomstveg først, før det evt vert vurdert ein ny tilkomstveg slik omsøkt. Dersom omsøkt tilkomstveg skal vurderast, bør ein sjå på trafikale omsyn til nærliggande støl (S 693) for å gjere passering her så trygg som mogleg. Fjellstyret er positive til uttak av masser frå grustak ved Buaråne, så fremt det vert pynta opp att etter uttaket.
Det er kun saka/den delen om utviding av stølsjordet med omsøkt areal som sendes på høyring. Dette presiseres då andre deler av vedtaket er knytt til uttale til Statskog, og ikkje ein del av denne høyringa. Dette til info.
Eventuelle merknader må sendast skrifteleg til Vestre Slidre fjellstyre, Slidrevegen 20, 2966 Slidre, evt epost: vestre.slidre@fjellstyrene.no og må vere motteke/i hende innan 06.08.2025.