Leige Hytte

 
 

 Open bu ved Matkista

 

Bua ved Matkista er open, både for dagstur eller overnatting for den som vil.

Ved Matkista (vest for Mosvatnet) har fjellstyret ei bu som står open til fri bruk. Det er 3 sengeplassar og du må ha med deg utstyret du treng.

Ta med sovepose og fiskestong!

På same staden har vi også ein båt som fritt kan brukast - ta med eigen redningsvest.

Hytta og båten kan ikkje reserverast.

Kjør vegen frå Nøsen mot Jaslangen. Kjør vidare mot Grunke og stopp ved parkeringsplass 1200m vest for brua over Buaråne. Stig er merka frå parkeringsplass.

Om vinteren må du gå frå Buaråne. 

 

Turmål 2023

 

Turmåla blir klare til Jonsok (23.6) og vil bli henta inn etter haustferien (17.10).  
    Last ned turmålskjema
    Last ned detaljkart for alle turane.

Ti turmål er valt i ulike delar av kommunen. Du hentar poeng på kvar tur du tek. Dette gjer at du kan gå fleire turar til same posten om du ynskjer det. For å få krus må du ha minimum 5 ulike turmål med til saman 245 poeng. Barn tom 10 år treng 170 poeng for å få premie.

Turmåla kan ha mange ulike startpunkt og i turmålskjema er det eitt framlegg til turrute. Pga. korona vil det ikkje blir satt ut turmålkasser med bøker for signering. På turmålet blir det satt opp eit infoskilt med kode som skal førast inn i skjemaet.

Turmåla blir sett ut til Jonsok (23.6) og vil bli henta inn etter haustferien (17.10).

Dei som har nok poeng fordelt på minimum 5 turmål, vil få eit porselenskrus med bilde frå Vestre Slidre. Barn (inntil 10 år) kan i staden velja ein termos som gåve.

Levering av skjema  til fjellstyret eller Intersport Vaset innan 17.10.22. Henting av premie hjå Intersport Vaset i tida ca 01.12 - 31.12.22.

Krusa er betalt av Valdres sparebank og Vestre Slidre fjellstyre.

Takk til dei som er med på dugnad med å setja ut turmål.

Hugs at det er bandtvang for hund frå 1. april til 10. oktober.

«Turmål i Vestre Slidre» ble startet opp i 2002 i sammenheng med FNs internasjonale fjellår . Dette er et tiltak som har fått mange ut på tur til steder der de før ikke har vært på tur. Det er 10 turmål i ulike deler av kommunen, både korte og lange turer. Det er ulike poeng er hvor lange turene er. De som går til alle turmåla, vil få en porselenskopp i premie. Det er også mulig å flere ganger til samme turmål for å få nå nok poeng, men det må være minst 5 ulike turmål. Det er Vestre Slidre fjellstyret som arrangerer tiltaket med hjelp av frivillige til å gå ut med kasser og bøker. Krusa er betalt av Valdres sparebank, avd Slidre og Vestre Slidre fjellstyre.

De ulike turmåla - 2023


Det er følgjande turmål i 2023: 

Lomisåsen
Olberg
Ålfjell
Rennefjell
Kruk
Nøsekampen (Strøsnøse)
Grønsennknippa (+ Svenskeknippa)
Langeberg
Trølltjednet
Gråkampen


 

Bandtvang for hund (1.4-10.10)

 

Det er bandtvang for hundar frå 1. april til 10. oktober. Hundar skal også utanom bandtvagstida vera under kontroll. Reglane for bandtvang er viktige med tanke på å beskytte både husdyr og vilt. På grunn av svært låg rypestamme er det ekstra viktig at reglane også blir respektert i tida det ikkje er husdyr i fjellet. 

KVIFOR BANDTVANG?

Viltet

Alle artar er sårbare om våren/sumaren. Etter ein lang vinter treng dyr og fuglar ro for å kunne hente seg inn att før dei skal legge egg/ha ungar. Mange bakke-hekkande fugle-artar starter egglegging tidleg i mai, dette gjeld både i skogen og i fjellet. Det er og tam rein som trekker gjennom vår allmenning om våren og hausten, som og er utsett for laushundar.

Sjølv den snillaste hunden kan gjere stor skade på eit lite øyeblikk, og vi har alle eit ansvar for å ivareta viltet. Vis Ansvar !

Beitedyr

I 2020 var det fleire tusen beitedyr i Vestre Slidre. Det er fleire som har opplevd negative situasjonar og skader, som følgje av lause hundar. Hugs at båndtvangen gjeld sjølv om hunden har et gyldig sauebevis, ein opplever fleire som trur det er greit å ha hunden løs så lenge den er “saue-rein”. Dette hjelper imidlertid ikkje vilt og fuglar.

Hundeloven har eit krav om at hunder skal haldast i band, vere innestengt eller inngjerda i perioden 1. april til 20. august. I tillegg er det vedteke ein kommunal forskrift om bandtvang for hund i heile Vestre Slidre kommune frå 21. august til 10. oktober. Det er nokre unnatak frå bestemmelsene, les meir om dette i hundeloven eller i kommunal forskrift. Du kan og lese meir om bandtvang på lovdata.no.

Ulovleg trening av fuglehund

Fjelloppsynet opplever stadig at nokre trener med fuglehund i juli/august. Det er flott å gå tur med hunden, men om det nyttes langline, og ein oppsøker rypekull og løser desse ut er dette ulovleg trening og kan påtalast. Gå gjerne med hunden i langline, og skremmer man tilfeldigvis opp eit rypekull er dette sånn det er, men ikkje oppsøk slike situasjoner. Avbryt når hunden viser interesse og stram inn lina.

KVA KAN DU GJERE FOR Å BIDRA?

  • For det fyrste skal du ha din eigen hund i band. Gjetarhunder (og andre tjenestehunder) har fritak frå bandtvangen, men berre når dei er på jobb.

  • Vi ynsker at du ringer til politiet 02800 når du ser ein laus hund i båndtvangstid, sjølv om du ser hunden på lang avstand. Dette er for at det skal gå fram at lause hundar er ein utfordring. Skjer dette i statsallmenning er det fint om fjelloppsynet og får beskjed (tlf 90 92 16 54)

  • Hvis du vil gå vidare med saka på eige initiativ og anmelde forholdet så er det ein god ide å filme den lause hunden. Ein video er betre enn eit bilde. Alle kan spørre om navnet til hunde-eigaren, sjølv om det ikkje er sikkert at denne vil svare. Hvis vedkommande ikkje vil oppgje navn kan du følgje med og sjå om personen går til ein bil eller til ei hytte. Dokumenter med reg.nr. eller hytteadresse.

POLITI ANMELDELSE

Ved klare brot på bandtvang bestemmelse kan fjelloppsynet (og andre) politi anmelde dette. Dette kan føre til bot (forelegg - som faktisk vert liggande på rullebladet v/ utvida/uttømmande politi attest). Det er og mogleg å forfølge saka vidare gjennom Norges Kennel Klubb (NKK), det er det eksempler på at det gis inntil 2 års karantene for utstillingar/jaktprøver.

Velkommen til oss med hunden i band!

Last ned brosjyre "Båndtvang, ditt ansvar som hundeholder"      



 

Camping 

 

Telt

Det er fritt å telte i statsallmenningen. Ikkje sett opp telt for nær bebyggelse (150 meter).

Campingvogn/bubil

Det er lov til å plassere campingvogn eller bubil i allmenningen. Vilkåret er at vogn og bil skal vera i bruk og dei kan ikkje setjast att når ein reiser frå området.

Rasteplassane er laga til for å ynskje reisande velkomen til å bruke området. Telt og campingvogner hindrar vanleg bruk av plassane. Vær derfor så snill at du ikkje campar på rasteplassane på ein slik måte at du hindrar dagsbesøk.

 

 Rasteplassar

 

Fjellstyret har laga til mange rasteplassar i allmenningen. For at det skal vera triveleg å bruke desse plassane er det viktig at alle ryddar etter seg. Hugs derfor å ta med deg søppel etter rasten. Det er sett opp containerar fleire plassar i fjellet.

Finn du nokon som ikkje har rydda etter seg, er vi takknemleg for at du hjelper oss med å ta med søppelet til næraste container.

Rasteplassane er ikkje campingplassar. Dei er laga til for at folk som er på reise kan ta ein stopp. Blir det plassert telt eller campingvogn på plassen hindrar dette til vanleg bruk. Vær derfor så snill at du ikkje campar på rasteplassane.

 

Bålbrenning 

 

Når er det lov til å brenne bål?

Forskrift om brannforebyggende tiltak § 8-2: «Det er forbudt å gjøre opp ild eller behandle ting som representerer en brannfare utendørs under slike forhold eller på slik måte at det kan føre til brann. Oppgjort ild må ikke forlates før den er fullstendig slokt.».
I forskriftens § 8-2 tredje ledd : Det er å gjøre opp ild i eller i nærheten av skogsmark i perioden15. april til 15. september.

Nettmagasinet Harvest.as publiserte nylig en artikkel om hvilke bestemmesler som gjelser for bålfyring i utmark. Artikklen er skrevet av Marianne Reusch som er er jurist med doktorgrad og spesialist på friluftsjus. Har kan det kanskje være noe å lære. 

Artikkelen finner du her: Ikke brenn deg på paragrafene  

 

hogst av ved

 

Du kan hogge din eigen ved i statallmenningen

Det er Vestre Slidre allmenningsstyre som står for vedutvisinga v/vedbliknkar Per Olav Svenskerud. Det brukar vera utvising av vedblink rundt 10.-15. juli. 

Nærare opplysningar:  Vedblinkar Per Olav Svenskerud - mobil 909 62 934.

 

Gratis hogst av gran

 

I området mellom Vaset og Sørre Trøllhøvd kan du hogge granved og juletre gratis

Attgroinga gjer at viddene våre snart er skogdekte. Området mellom Vaset og Trøllhøvd ynskjer vi skal vere fritt for granskog i framtida. Alle som vil, kan difor gratis hente seg granved og juletre innanfor området avgrensa med svart strek på kartet. Dette er eit prøveprosjekt inntil vidare i samarbeid med Vestre Slidre allmenningsstyre.

Slik reserverar du juletreet: Bruk sumaren/hausten til å finne deg små og store juletre. Merk juletreet med namn/årstal og hent det til jul! NB! Du må gjerne ta med deg fleire juletre!

Last ned informasjon med kart