Hærverk på fjelltoppar

Nokon har skore ut stein av minst 2 fjelltoppar i allmenninga. Det er og komme rapport om at dette har skjedd på toppar i Vang og.

Fjelloppsynet ber om tips som kan føre til oppklaring av dette, då dette er ein “topptur-trend” som vi ikkje ynskjer skal spreie om seg. Dette er heller ikkje lov, då det krev grunneigar sitt samtykke (Statskog) for slik prøveuttaking. Det er og særs utheldig at dette skjer oppå høgste punktet, der dei fleste går innom når ein er på ein fjelltopp.

Det er usikkert kva som er bakgrunnen for slik skjæring, muligens at noen ynskjer eit minne frå nokre toppar mura inn i ein peis eller noko liknande. Uansett er dette ikkje greit.

Per nå har vi oversikt over at dette er gjort på Helehøvda og Strøshøvda. Dersom nokon har oversikt/bilete på at dette er gjort på fleire toppar i vært nærområde - ta kontakt med fjelloppsynet.

Hærverk på Hele Høvda

Harald Ranum