Info om treningskort haust 26 / vinter 27
Fjellstyret har i møte i dag 30/9 vedteke følgjande rundt omfang/sal av treningskort for fuglehund:
————————————————————-
Vestre Slidre fjellstyre vedtek føljande omfang på sal av treningskort
Totalt 30 stk sesong/periodekort, fordelt på to perioder. 15 kort per periode.
Periode 1: 5.10.26 til og med 14.12.26
Periode 2: 20.02.27 til og med 31.03.27
Det kan kun tildelast treningskort i ei periode per person.
20 av korta er reservert for personar med hytte i Vestre Slidre.
Det åpnes ikkje for treningssamlingar haust 2026/vår 2027.
Fjelloppsynet bes om fortsatt å halde fokus på oppsyn kring ulovleg hundetrening.
————————————————————-
Til orientering selges dette som “første mann til mølla” - prinsippet. Det er ein føresetnad at for å løyse “hyttekortet” må du oppfylle følgjande:
Kortkjøpar må sjølv eige hytte i Vestre Slidre kommune, eller vere i direkte slekt/familie med hytte-eigar opp eller ned ein generasjon.
Desse reglane er sett fordi dette er kontrollerbart i ettertid. Dette vert fulgt opp etter kortkjøp, der kjøpet reverserast/ er ikkje gyldig dersom kortkjøpar ikke oppfyller dei oppsette krav.
Til info kan dei med hytte i Vestre Slidre løyse kort “open kort” - dersom ein ikkje får kort gjennom eige ordning med hyttekort.
Kortet er lagt ut på inatur.no, og åpningstidspunkt framgår på salssida.