Jaktkvoter for småviltjakt 2025

Fjellstyret vedtok i sak 32/2025 (møte den 01.09.2025) følgjande tekst om småviltjakta:

Det gjennomføres rypejakt i Vestre Slidre statsallmenning i 2025 og fjellstyret legg vekt på at uttaket skal vere berekraftig. Med heimel i fjellova § 23 vedtek fjellstyret følgjande avgrensningar for småviltjakta:
 Jaktuttaket skal ikkje vere større enn 15 % av registrert lirypebestand og det er berekningar frå årets taksering som setter avgrensingar for uttaket.
 Det blir jakt på rype i perioden 15.9 – 24.9 (2×5 dagar).  For perioden 15.9 - 24.9 vert kortsalet auka med totalt 20 kort ut over allereie 50 stk førehandsselde kort til utanbygds.
 Etter perioden 15.9 – 24.9 oppsummeres faktisk uttak av fugl opp mot berekna haustbart overskott, og fjellstyret tek på nytt stilling til utvida jaktuttak saman med evt avgrensingar for treningskort. Eventuell avgjersle om forlenga jakt tas etter at kommunen/Vestre Slidre jeger og fiskarlag er rådspurt. Uansett skal det ikkje fellast meir ryper enn berekna 15 % haustbart overskott.
 Det er en rimelig fordeling mellom innan- og utanbygdsboende uten hund og det tildeles også kort til utanbygds med hund.
 Kvote i perioden 15.9-24.9 på 4 ryper per jeger for alle kort utenom sesongkort
 Kvote i perioden 15.9-24.9 på 8 ryper pr jeger med sesongkort, .
 Dagskvote på maks 2 ryper pr dag .  Sesongkvote på 5 orrfugl per jeger i perioden 15.9 – 24.9 (2×5 dager). Evt forlenging av orrfugljakt vert avgjort av fjellstyret på eit seinare tidspunkt.
 Harejakta fortsett som før

Det er allereie lagt ut 20 stk nye tilleggskort, der salet vert opna laurdag 6. september på inatur.no

Merk følgjande: dei som allereie er tildelt kort ved trekning i år eller i fjor på jakt i september - kan ikkje løyse desse korta grunna ynskje om betre fordeling av desse korta.

Dei som er tildelt kort ved trekning i år - vil få tilsendt jaktkort med kvoter etterkvart. Dette til info.

Skitt jakt når den tid kjem.

Ung jeger med jaktlykke tidligere år

Forrige
Forrige

Prøvefiske i Midtre Syndin

Neste
Neste

Andejakt ledig fra 21. august