OFFENTLEG ETTERSYN : TILLEGGSJORD RENSENN

Fjellstyret har motteke ein søknad om ny tilleggsjord tilhøyrande garden 80/18 med støl S 806 på Grøneli/Nøsen

Det er søkt om eit større areal, men det areal som sendes på høyring no er på ca 25 daa. Dette skal kunne fulldyrkast. Dette vert handsama som «tilleggsjord» etter seterforskrifta §20.

Følgjande vedtak vart fatta i sak 18/2025:
I tråd med Seterforskrifta § 20, legg Vestre Slidre fjellstyre ut areal på ca 25 daa på Grøneli på høyring. Arealet jfr kartskisse 4 søkjes omdisponert til ny tilleggsjord for oppdyrking, jfr seterforskrifta § 20, og skal høyre til G/Bnr 80/18. Før høyring vert det lagt inn buffer på 10 meter mot S 762.
Det vert take endeleg stilling til alle omsøkte tilleggsareal etter høyring i eit samla vedtak, der og evt rekkefølgjeføresegn (tilsvarande i sak 31/2024) vert tilknytta.
Ved vedtak vert det og definert kva som er utvist som beite og eller tilleggsjord. Evt og endring av festenummer dersom dette er naudsynt

I tillegg til avklaring på nydyrking, ligg det og an til krav om rekkefølgje på nydyrking på allereie tildelt areal. Poenget her er at det er gjennomført vurderingar knytt til om eksisterande, tildelt areal er take godt nok i bruk før det evt tildeles nytt. I eit samla vedtak vert det og take stilling til dei andre – tidlegare vurderte tilleggsjorda som er sendt på høyring. Dette til info. Arealet vert synfart i juni med fjellstyret og evt andre rørde partar – før vedtak i saka.

Eventuelle merknader må sendast skrifteleg til Vestre Slidre fjellstyre, Slidrevegen 20, 2966 Slidre, evt epost: vestre.slidre@fjellstyrene.no og må vere motteke/i hende innan 05.06.2025.


Utsendt høyringsskriv

Særutskrift av sak 18/2025



Forrige
Forrige

Trekning av jaktkort er gjennomført

Neste
Neste

Utsatt frist : Fjellstyret sin tilskottsordning