Prøvefiske i Storfjorden

Fjelloppsynet saman med innleigd mannskap vil drive prøvefiske på oppdrag frå Statsforvaltaren for å få vurdert tilstanden i Storfjorden.

Vasstanden har vore låg i 2 somrar som følgje av arbeid med demningen (som no er ferdig), og det er greit å få tal på fiskebestanden etter slik nedtapping.

Det vert fiska med båe flytegarn og vanlege botngarn - dette til informasjon. Første runde vil vere 18-19 August, i tillegg kjem det nok ein runde til i veke 34.

Ein ber alle ta omsyn - særskilt til dei flytegarna som vert sett ut. Dei vil nok vere noko i vegen, men dei vert sett ut seint på ettermiddagen, og take fyrst opp om morgonen for å redusere ulemper for andre.

Er det noko spørsmål - ring fjelloppsynet (Kenneth Monsen tlf 90921654)

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

https://www.gasta.no/
Forrige
Forrige

And og Ringduejakt ligg ute for sal på Inatur.no

Neste
Neste

Oppdatert kartløysing for fjellstyret