Tilskott til jegerprøven - for den som tek den utanfor Vestre Slidre i 2026

Grunna få deltakarar har Vestre Slidre jeger og fiskarlag avlyst jegerprøvekurset for 2026.
Fjellstyret og Vestre Slidre jeger og fiskarlag har ein avtale som gjer at alle som er fast busett i Vestre Slidre, og er under 21 år - vil få gratis jegerprøve-kurs når dette skjer i regi av Vestre Slidre jeger og fisk. Her dekker Fjellstyret ½ del - som utgjer kr 750,-

No i 2026 er det andre som tilbyr kurs i Valdres - eks Øystre Slidre.

Fjellstyret har bestemt å vidareføre støtta til våre unge, kommande jegerar og i 2026 vil den som må ta jegerprøven andre stader enn i Vestre Slidre kunne få utbetalt kr 750,- frå fjellstyret.
Dette utgjer den støtta som me vanlegvis gir gjennom lokal jeger og fisk.

Vilkår for utbetaling er :
Fast busett i Vestre Slidre kommune, og under 21 år når ein byrjer på kurset.
Utbetaling skjer etter fullført kurs og bestått eksamen.

Minner også om at det er gratis jaktkort (og fiskekort også) for den som er under 21 år i Vestre Slidre statsallmenning…

Er dette aktuelt - ta kontakt på epost:

vestre.slidre@fjellstyrene.no

Glad førstegongsjeger eit tidlegare år



Neste
Neste

Trekning for småviltkort opner 24.april - frist 10. mai