Turmål 2025
Turmål for 2025 er ferdig avklart. I tillegg til dei vanlege faste som Kruk/Grønsennknippa/Gråkampen - er det rullert på ein del eldre turmål som brukes opp att. 2 nye i år: Nørre Hamristjedn og Ormestadstøladn - veldig viktig at ein ikkje køyrer bil på stikkvegane her! dei tåler ikkje denne trafikken - men tåler fint folk til fots….
Det er prøvd fordelt passe jevnt ut over heile kommunen, samt ulik lengde på turane.
Turmål plakatane er i ferd med å bli sett ut. Minner om at offisiell oppstart er 20. juni - det er ikkje garantert at det er sett opp turmål-plakat før denne dato.
Du finner papirskjema HER, og detaljkart for alle turane finn du her
Du må fylle inn den koden som står på oppslaget på toppen du går til.
Det er og mogleg å delta med “digitalt skjema” istaden for papirkopien. Ein nytter då appen “Norgeskart” - som innehar ein funksjon som heiter “Telltur”.
Dette er ein gratis app (holder med gratisversjon for å nytte Telltur). Denne kan lastas ned via følgjande QR kode:
Apple sin versjon:
Her er Android sin versjon
Kos dere på tur!
(Papirskjema kan hentast på Intersport - Vaset eller i Vestre Slidre kommune sin resepsjon.)