Turmål 2026
Turmål for 2026 er ferdig avklart. I tillegg til dei vanlege faste som Kruk/Grønsennknippa/Gråkampen - er det rullert på ein del eldre turmål som brukes opp att. Det er og fleire nye i år.
Det er viktig at ein følgjer oppsette parkeringspunkt, og ikkje køyrer inn på private vegar osv. Dette då ein del punkt i år er lett tilgjengelege gjennom private veger. Då er det ekstra viktig å passe på!
Det er prøvd fordelt passe jevnt ut over heile kommunen, samt ulik lengde på turane.
Turmål plakatane er i ferd med å bli sett ut. Minner om at offisiell oppstart er 19. juni - det er ikkje garantert at det er sett opp turmål-plakat før denne dato.
Du finner papirskjema HER, og detaljkart for alle turane finn du her
Du må fylle inn den koden som står på oppslaget på toppen du går til.
Det er og mogleg å delta med “digitalt skjema” istaden for papirkopien. Alle friluftsråda i Noreg samarbeider no om ein ny app som heiter “Stikk UT”. Last gjerne ned den - når du er ved turmålet skal den automatisk finne dette i appen (enkelt og greit…)
Slik ser logo ut når du laster den ned
Kos dere på tur!
(Papirskjema kan som før hentast på Intersport - Vaset eller i Vestre Slidre kommune sin resepsjon.)