Gratis kurs: “Skjøtsel av landskap”

Gratis kurs: “Skjøtsel av landskap”

UKL Stølsvidda arrangerer gratis dagskurs i korleis rydde landskapet for å gje betre skjøtsel. Dette går m.a. på korleis ein rydder skog for å sikre betre beite. Dette er særs aktuelt for dei i stølslaga som ynskjer å rydde / hogge ved slik at ein i tillegg får til betre beite. Foredragsholdar er Yngve Rekdal (tidlegere NIBIO) - ein særs erfaren naturkartleggar med mykje kunnskap!

Det er sett opp 2 dagar, der 20 august er satt av i bl.a. Ulnes sameige. 21. august tek for seg Vestre Slidre statsallmenning, men begge dagar går gjennom prinsippa som gjeld overalt.

Gratis kurs, oppmøte er skildra i invitasjon (under). Hugs å melde på slik at ein får oversikt over antall.

Vel møtt til alle!


Neste
Neste

Rypetaksering er i gang