Bakgrunn for jaktkvoter og jaktomfang

Siden det er mange meiningar om både jakt og treningskort for fuglehund, ynskjer fjellstyret å komme med bakgrunn for kva som er vektlagt ved vedtak om forlenga jakt:

Fjellstyret ønskjer å sikre ein sunn og berekraftig rypebestand i fjellet – både på kort og lang sikt. Det krev at vi forvaltar aktivitet som kan påverke rypa.

Lokale tilhøve i Vestre Slidre gjer rypa meir sårbar. Statsallmenninga er svært tilgjengeleg gjennom heile året. Vegar, skiløyper og stiar på kryss og tvers gjev lett tilgang og aukar ferdsla. Det er ein merkbar auke i menneskeleg aktivitet.

Gjentekne forstyrringar gjer at rypene brukar meir energi og flyttar seg oftare. Dette kan svekkje overlevinga i sårbare periodar.

 Restriktiv linje for både hundetrening og jakt.

  • Hundetrening kjem i tillegg til jakt, ferdsel og andre aktivitetar i fjellet. Summen kan bli negativ for rypebestanden. For å balansere omsynet til fuglehundmiljøet og til rypa, blir det fortsatt eit tilbod med treningskort, men salet er avgrensa for å halde aktivitetsnivået nede.

  • Det finst ingen forsking i Norge som viser at trening med fuglehund har direkte negative effektar på rypebestanden, men samstundes finst det ingen forsking som slår fast at det IKKJE har negativ effekt.

  • Når vi ikkje veit sikkert, vel vi å bruke «føre-var-prinsippet». 

 Rypejakt er ein viktig del av tradisjon og friluftsliv, men også her må vi vise varsemd. Fjellstyret fører ein restriktiv politikk for jakt:

  • Vurdering av bestandssituasjonen før opning og undervegs i sesongen.

  • Avgrensa tal på jaktkort og jegerar.

  • Kortare jaktperiodar i år med svak produksjon.

Oppsummert: Ei restriktiv linje for både hundetrening og rypejakt er viktig for å sikre ein livskraftig rypebestand i Vestre Slidre statsallmenning. Med dette prøver vi å balansere omsynet til friluftslivet og jakttradisjonane med ansvaret for å ta vare på naturgrunnlaget for framtida.

Vestre Slidre fjellstyre

Det ynskjes ein fin haust i fjellet, med og utan børse.

Neste
Neste

Vedtak om forlenga jakt/treningskort for fuglehund