Stamfiske igang
Fjelloppsynet har no starta opp med “stamfiske” - dvs vi fisker for å stryke rogn/melke frå fisk som vert levert Fosa Fiskeanlegg. Til vanleg leverer Vestre Slidre fjellstyre ca 10 liter rogn, det er faktisk over 60 000 yngel om alt klekker.
Difor vil de kunne sjå garnfiske frå no og et par veker fram i tid i Mosvatn, Grønsenn og Nestisvatn - dette til info.
Dette er naudsynt for å kunne setja ut fisk til våren. Fjellstyret sett ut i eige regi ca 2500 stk i div vatn samt at det vert sett ut 10 000 stk i Storfjorden kvart år som følgje av eit utsettingspålegg grunna oppdemming.
Det er laga ein kort video som viser både stamfiske for den som er nysjerrig på korleis dette går føre seg: