Farlege gjerder i beitesesongen

Det kjem ein del meldingar til fjelloppsynet om farlege gjerder. Dette gjeld båe piggtråd/trådgjerde som ligg nede samt straumgjerde. Det er fint med tilbakemeldingar, og dersom det ikkje er akutt fare kan ein godt sende oss ein epost til vestre.slidre@fjellstyrene.no dersom ein ser gjerde som bør ordnast opp i, fint med posisjon på kvar dette er samt bilete som syner dårlig gjerde.

Er det akutte tilfelle der dyr faktisk heng fast, må ein ringe anten fjelloppsynet (Kenneth) tlf 90 92 16 54) eller beitelaget (Nils Ole) tlf 90 58 40 29 - slik at ein kan rykke ut snøggast mogleg.

Til info: det er ikkje tillate å nytte plast/straumgjerde på ei hytte/ i utmark, jfr kommunale gjerde-reglar. Dette er den største fara for sau å henge seg fast i - og ein ber alle ta omsyn til dette for å unngå framtidige dyretragedier.

lam fast i straumgjerde i går - 20.august på ei hyttetomt. Dette vart heldigvis berga.


Neste
Neste

Rypetaksering er i gang