Småviltjakt i september - kvoter og jakttid

Fjellstyret vedtok i møte den 02.09 følgjande ang småviltjakt:

Det gjennomføres rypejakt i Vestre Slidre statsallmenning i 2026 og fjellstyret legg vekt på at uttaket skal vere berekraftig. Med heimel i fjellova § 23 vedtek fjellstyret følgjande avgrensningar for småviltjakta:

·  Jaktuttaket skal ikkje vere større enn 15 % av registrert lirypebestand og det er berekningar frå årets taksering som setter avgrensingar for uttaket.
·  Det blir jakt på rype i perioden 15.9 – 24.9 (2×5 dagar).
·  For perioden 15.9 - 24.9 vert kortsalet auka med totalt 20 kort ut over allereie 50 stk førehandsselde kort til utanbygds.
·  Etter perioden 15.9 – 24.9 oppsummeres faktisk uttak av fugl opp mot berekna haustbart overskott, og fjellstyret tek på nytt stilling til utvida jaktuttak saman med evt avgrensingar for treningskort. Eventuell avgjersle om forlenga jakt tas etter at kommunen/Vestre Slidre jeger og fiskarlag er rådspurt.  Uansett skal det ikkje fellast meir ryper enn berekna 15 % haustbart overskott.
·  Det er en rimelig fordeling mellom innan- og utanbygdsboende uten hund og det tildeles også kort til utanbygds med hund.
·  Kvote i perioden 15.9-24.9 på 4 ryper per jeger for alle kort utenom sesongkort
·  Kvote i perioden 15.9-24.9 på 8 ryper pr jeger med sesongkort, .
·  Dagskvote på maks 2 ryper pr dag .
·  Sesongkvote på 5 orrfugl per jeger i perioden 15.9 – 24.9 (2×5 dager). Evt forlenging av orrfugljakt vert avgjort av fjellstyret på eit seinare tidspunkt.
·  Harejakta fortsett som før

Dette inneber at det blir vanleg jakt i september - tilsvarande det som vart gjennomført i fjor når det gjeld september månad. Ein kjem attende med korleis dette vert i oktober etter nytt møte i fjellstyret i slutten av september.

Alle som er tildelt jakt vert tilskrive med kvotebrev osv. Når det gjeld nye kort vert disse 20 stk 5-dagars korta lagt ut med rimeleg fordeling på type og periode samt med/utan hund. Dette vert seld som “første mann til mølla” prinsipp - og salet opner på søndag 6. september kl 09.00 - på vår inatur-side.

Skitt jakt når den tid kjem!

Ung jeger på sin første rypejakt


Neste
Neste

Farlege gjerder i beitesesongen