Søknad til fjellstyret sin tilskottsordning - frist 1. mai 2026
Det er opent for å søkje på fjellstyret sin tilskottsordning.
Vestre Slidre fjellstyre har også tidlegare hatt tilskottsordningar, men då handsama sakar etter kvart. Det nye frå 2025 er at det er sett ein pott som er styrt av tidlegare års overskott – samt ein ny pott ved oppstart i 2025 som er på kr 250 000,-. Denne vil bli fortløpande fylt på med regnskapets overskott frå førre rekneskapsår.
Det er eit poeng at tilskott frå fjellstyret vert samordna med andre tilskottsordningar som t.d. UKL, evt andre offentlege ordningar. Målet er å fordele tilskott på mange gode tiltak – og difor er det sett krav om noko eigeninnsats/finansiering
Alle kan sende inn søknad med kostnadsoverslag samt finansieringsplan og ein forklaring på kva tiltak som ynskjes utført. Kostnadsoverslag bør vere rekna ut av fagkyndig.
Dette gjeld i utgangspunktet tiltak i statsallmenninga.
Grunna samordning med UKL er frist sett til 1. mai 2026 for årets tilskottsrunde. Søknad sendes på epost med naudsynte vedlegg til: vestre.slidre@fjellstyrene.no
Be om bekrefta mottak for å vere sikker på at søknad er komme fram.