Sommerjobb i Vestre Slidre fjellstyre
Fjellstyret er på leit etter sumarvikar i perioden starten på juni til midten av august 2026.
Jobben vil vere å utføre skjøtselsoppgåver, fiskeoppsyn samt mykje meir. Ein må pårekne mykje utearbeid!
Ynskja kvalifikasjonar:
Kan køyre båt
Kan køyre med tilhengar (treng ikkje hengerlappen (BE) - men det er ein fordel
Omgjengeleg og flink med folk
Fordel med lokalkunnskap
Absolutt krav: førerkort på bil (B)
Fjellstyret stiller med arbeidsbil parkert på Vaset - som og er oppmøtestad.
Løn etter avtale
Enkel søknad med CV sendes på epost til: vestre.slidre@fjellstyrene.no
Oppgi gjerne minst 1 referanse.
Søknadsfrist: fredag 27. mars