Turmål 2019 blir avslutta 14. oktober

Turmål blir avslutta for i år den 14. oktober. Krus kan hentast i Valdres sparebank, avdeling Slidre, i tida 15. oktober - 1. desember.
Vi har i år måtte bytte leverandør på krus fordi den tidlegare leverandøren auka pris betydeleg og minstebestilling gjekk opp. Det er synd å måtte gå vekk frå den serien vi har hatt i så mange år, men ein pris på godt over kr 300 pr. utlevert krus vart for dyrt. Vi vil gjerne har tilbakemelding om det er andre måtar vi kan premiere på. Send tilbakemelding til fjellstyret til vestre.slidre@fjellstyrene.no og merk e-post med Turmål.

Harald Ranum