Flydammen-prosjektet høst 2019- høst 2021

FBR (foreningen til Begnavassdragets forening) er no i gang med prosjektet knytt til oppgradering av Flydammen.

Vestre Slidre fjellstyre er i same situasjon som alle andre brukarar av området, og står ikkje for fremdrift av dette prosjektet. All info er styrt av utbyggar, og ein henviser difor til deira heimeside for meir info knytt til trafikk-avvikling og andre utbyggingsrelaterte spørsmål:

http://www.begna.no/flyvatn.htm

Fjellstyret kjem tilbake til om/korleis dette kjem til å påverke utøving av fiske/eksisterande båtplassar osv. Ein ber om forståing for at dette kan ta noko tid å avklare, då det er fleire moment fjellstyret må avklare med utbyggar sett i frå praktisk ståsted.

Harald Ranum