Trekning småviltkort gjennomført

Det er no gjennomført trekning av småviltjakt.

Alle som er tildelt kort har allereie fått tilsendt epost med aktuelt tilbod. Betalingsfrist for tildelte kort er 3. mai. Vi trekker etter venteliste ca 6-7 mai, dersom det er nokon som ikkje tek imot tilbodet som er tildelt.

Ber om at dykk som ikkje vart tildelt kort venter til etter 7 mai før alle ringer og spør etter kva plass dei har på venteliste. Pga regler vel vi å ikkje publisere ventelister.

Det er jo ikkje gjennomført taksering ennå, dette skjer i august. Det kan vere at ein tildeler fleire kort dersom det takseres ein god rype-bestand. Ein vil då nytte den etablerte ventelista, og tildele etter denne så langt dette let seg gjera. Men dette kjem ein attende til når det nærmer seg haust.

Harald Ranum