Årsmelding 2011
Årsmelding for 2011 kan du laste ned som pdf-fil her
Ingen rypejakt hausten 2012

Fjellstyret har i møte den 28. mars vedteke å frede rypa under jakta til hausten.
Bakgrunnen for vedtaket er at det er ein svært låg rypesatamme og det har i tillegg vore dårlege klekkeresulat dei siste åra. Det vil bli avgrensa jakt på orrfugl i regulert periode som 2011, men ikkje fritt salg frå oktober. Fjellstyrevedtaket finn du her.
Bandtvang for hund 1.4-10.10
Det er bandtvang for hundar frå 1. april til 10. oktober. Hundar skal også utanom bandtvagstida vera under kontroll. Reglane for bandtvang er viktige med tanke på å beskytte både husdyr og vilt. På grunn av svært låg rypestamme er det ekstra viktig at reglane også blir respektert i tida det ikkje er husdyr i fjellet.
» Les meir
Turmålkopp 2011 - utlevering

Utlevering av turmålkopp 2011
Alle som har levert turmålskjema med tilstrekkelg poeng kan hente turmålkoppen på servicetorget på Slidretun.
Jakt på smårovvilt
Fjellstyre har eit billig jakttilbod til deg som berre vil jakte smårovvilt, pris kr 50. Kort kan løysast på inatur.no
Følgjande artar er lovleg å felle på dette kortet: raudrev, villmink, mår, røyskatt, grevling, kråke, ravn, skjære, nøtteskrike, fiskemåke og gråmake. » Les meir
Gratis hogst av granved og juletre
Attgroinga gjer at viddene våre snart er skogdekte. Området mellom Vaset og Trøllhøvd ynskjer vi skal vere fritt for granskog i framtida. Alle som vil, kan difor gratis hente seg granved og juletre innanfor området avgrensa med svart strek på kartet. Dette er eit prøveprosjekt inntil vidare i samarbeid med Vestre Slidre allmenningsstyre.
» Les meir
Allmenningsstyre til felles beste
Mange tiår med forsking har overbevist nobelprisvinner Elinor Ostrom: Allmenning som styreform er effektivt og gir den mest bærekraftige forvaltninga av fellesressursane. Ostrom deltok på Forskningsrådets miljøforskningskonferanse “Verdifull natur I juni kjem hun for å forelesa på Thor Heyerdal Summer School på UMB, Ås.
Les meir her
Gratis stongfiske og småviltjakt for ungdom
For å rekruttere ungdom til friluftsliv har innført gratis stongfiske og småviltjakt for undom tom20 år. Dette tilbodet gjeld både innanbygdsbuande og utanbygdsbuande. Fiske kan skje utan løysing av kort, men alder må kunne dokumenterast ved kontroll. Jaktkort må løyast på vanleg måte og 100 % av jaktkortprisen blir refundert ved innsending av jaktstatistikk.
Interaktivt kart - digital versjon av turkartet
Digital versjon av turkartet er lagt ut på heimesida. Her kan du søke etter namn, overnatting/serveringsstadar, hytteutleige, bedrifter, kulturminne m.m. Kartet er i starten av utviklinga og vi vil etter kvart prøve å utvikle dette vidare. Kom gjerne med tips om kva som manglar. Trykk her for å gå til kartet.
Kva skjer i Vestre Slidre?
Her kan du halde deg oppdatert på kva som skjer i Vestre Slidre. Les meir