Styremedlem 



Etter fjelloven er fjellstyret er tillagt administrasjon av bruksrettane i statsallmenningen. I hovudsak omfattar dette jordbrukstilknytta bruksrettar som støl og beite samt jakt, fangst og fiske. Fjellstyret skal arbeide for å sikre at allmenningen blir brukt på ein måte som fremmar næringslivet i bygda og tek vare på naturvern- og friluftsinteressene.

Vestre Slidre fjellstyret har i perioden 2023 - 2027 følgjande medlemmer:

 

Val av fjellstyret er regulert i §3 i fjellova:
I kvar kommune der det er statsallmenning skal det være fjellstyre.

Fjellstyret skal administrere bruken og utnyttinga av rettar og lunnende i statsallmenningen så langt ikkje anna er fastsett i eller i medhald av lov. Det skal arbeide for å sikre at allmenningen vert brukt på ein måte som fremjar næringslivet i bygda og tek vare på naturvern- og friluftsinteressene.

Fjellstyret skal ha fem medlemer med personlege varamedlemer. Dei vert valde av kommunestyret, eitt medlem som leiar og eitt som nestleiar.

Fleirtalet av medlemene med varamedlemer skal veljast blant personar som siste året har vore og framleis er fast busette i området der allmenningen ligg - og som Kongen fastset grensene for - eller i bygd eller grend der innbuarane frå gamal tid har utøvd allmenningsbruk i allmenningen.

Funksjonstida er fire år og følgjer kommunevalperioden.

Kommunestyret skal syte for at jakt-, fiske- og friluftsinteressene vert representerte i fjellstyret og at minst to medlemer med varamedlemer vert valde blant dei som har rett til allmenningsbruk i allmenningen som jordbrukarar. Kongen kan, for område som er eller vert lagt under lova, fastsetje at reindriftsnæringa skal vere representert i fjellstyret og at den eine eller begge av dei to som skal ha allmenningsrett som jordbrukarar i staden skal vere reineigarar. Elles gjeld reglane i kommunelova om kven som kan veljast som medlem av kommunale nemnder tilsvarande ved val av fjellstyre.