Fiskeguide for statsalmeningen 

Fjellstyret og jeger- & fiskarlaget har laga til fiskeguide for Vestre Slidre statsallmenning.

Dette er eit hefte på 72 sider med mykje god informasjon om praktisk fiske, informasjon om fiskelokalitetar, kart mm.

Fiskeguide kan du kjøpe hjå fiskekortselgarene for kr 20 eller sjå gratis under:

Fiskereglar

 
 

§1. Utanbygdsbuande og utlendingar har mot løysing av fiskekort lov til å fiske med stong eller handsnøre. Det er tillete å bruke maksimalt 2 stenger pr. fiskar. Ved isfiske er det lov å bruke inntil 5 pilkestikker. Stong eller handsnøre som er sett ut blir rekna som fastståande reiskap jf. §2 og er ikkje tillete.

Utanbygdsbuande og utlendingar kan fiske med oter i Rensenn mot løysing av eige fiskekort. 
• Ordninga gjeld frå 1.6 til 15.9.
• Bruk av båt er tillete og det kan brukast 2 oterar pr. fiskar.
• All fisk skal takast opp uavhengig kor stor fisken er. 
• Det skal innan 1 veke etter avslutta fiske rapporterast om talet på fisketimar og fangst (stk/kg).

§2 Innanbygdsbuande har mot løysing av fiskekort lov til å fiske med stong, handsnøre, oter og fastståande reiskap (utstenglar, line, ruse og botngarn). Som innanbygds er å rekne dei som er står registert som fast busett i Vestre Slidre kommune og har vore det siste 12 månader.

Reglar for fiske med fastståande reiskap og oter:  

 
 
Screen Shot 2018-12-04 at 10.10.20.png
 
 

• Fastståande reiskap skal på godt synleg flytemerke vere merka med fiskaren sitt namn og adresse. Merkinga skal berre skje nærast land.
• Kvart båtlag kan ikkje fiska med fastståande reiskap i meir enn eitt vatn på same tid og ingen kan delta i fleire båtlag. Dette gjeld ikkje ved fiske i Rensenn.
• Fiskaren må delta både ved utsetting, ettersyn og opptaking av fastståande reiskap. 
• Hjelpemannskap under fiskinga treng ikkje vera innanbygds eller ha løyst fiskekort. 
• Ved fiske med utstenglar, er talet på utstenglar avgrensa til maksimalt 5 stk.

§3 Fiskekort må vera med under fisket og visast ved kontroll. 

§4 Barn og ungdom t.o.m. 20 år treng ikkje løyse kort for fiske med stong eller handsnøre, men alder må kunne dokumenterast ved kontroll. 

§5 Alt fiske er freda i perioden f.o.m. 16.9 til vatna er islagte. 

§6 Godkjent hevdvunne slørettar kan nyttast f.o.m. 1.6 t.o.m. 15.9.

§7 Fiskaren pliktar å gjera seg kjent med generelle reglar i fjellov og offentlege forskrifter/lover.

§8 Brot på reglane er straffbart, jf. fjellovas §37. 

§9 Det er lov å bruk båtmotor i Nørre Syndin, Midtre Syndin, Sørre Syndin og Storfjorden med dei avgrensingar i motorstyrke som gjeld i kommunal forskrift for motorisert ferdsel i utmark. 
 

 Vedteke 4.4.2016

 

Familiefiskedag ved Buaråne

 
 

Ved Buaråne blir den årlege fiskedagen i år arrangert sundag den 8 . juli kl 11:00.

Dette er ei uformell familesamling for dei som er interessert i fiske. Kom for å fiske, smake på gratis smaksprøver eller berre for ein prat.

Vel møtt!

Startkontigent

Barn: kr 25
Vaksne: kr 50
Familie: kr 75

Aktivitetar

Fiskekonkurranse
Smaksprøver
Informasjon om fisk og tillaging av fisk
Fisk er satt ut 
Påmelding frå kl 11.00.

Det kostar ingen ting for å koma for ein sosial fiskeprat eller for å teste smaksprøvene av fisk.

Fiskedagen blir arrangert av Vestre Slidre jeger- og fiskarlag i samarbeid med Vestre Slidre fjellstyre

 

Oterfiske i Rensenn for utanbygdsbuande 

 

Fjellstyret  tilbyr oterfiske for utanbygds i Rensenn. Ordninga gjeld fom 1.juni tom 15.september. Kort kan kjøpast på Vasetsenteret eller www.inatur.no. 

Bruk av båt er tillete og det kan brukast 2 oterar pr. person. Bruk av motor/elmotor er ikkje tillete.

All fisk skal takast opp uavhengig kor stor fisken er. Innan 1 veke skal det rapporterast om talet på fisketimar og fangst (stk/kg). 

Fiskerapport

Fiskerapport i rapportkasse på Rensenn eller i post til Vestre Slidre fjellstyre, Slidrevegen 20, 2966 Slidre.

 

 Kjøp fiskekort

 
 
 

Kjøp fiskekort med mobil

 
 

SMS faktura på mobil

Send melding om kva slag fiskekort du ynskjer (kode for ulike kort). Du får tilbakemelding til din mobil som fungerar som kvittering for fiskekort. 

SLIK GJER DU DET:

  1. Send SMS-melding

  2. Du mottek betalingsinformasjon med KID-nummer 

  3. Ta vare på meldinga for kontroll og betaling.

  4. Betal innan 14 dagar for å unngå fakturagebyr

  5. Bruk KID-nummer ved betaling og kontroll!

Sending av melding har ordinær sms-takst.

 
Screen Shot 2018-12-04 at 09.40.55.png
 
 

Barn og ungdom tom 20 år fiskar gratis.

Kortet gjeld for stongfiske, sjå side om fiske for prisar, reglar og meir informsjon.

Eksempel på kjøp av døgnkort

 
Screen Shot 2018-12-04 at 09.37.58.png
 
 

SMS-løysinga for salg av fiskekort er utvikla av SMSpass DA

 SMS Belastning på mobilfaktura

 

Send SMS slik som det går fram av tekst under. Faktura blir belasta mobilfakturaen. 
Mobilselskapet tek gebyr for fakturering og det blir eit tillegg i prisen på ca 20-25%.

KJØP FISKEKORT VIA SMS

“Send FISKEKORT + varenmmer til 2470.”

Varenummer er da en unik kode for hver enkelt fiskesone/område.

Det er eit maksimalt beløp som kan belastast mobiltlefon og det er derfor ikkje mulig å 
kjøpe sesongkort via inatur.no sin SMS-løysing. Du kan i staden løyse det med SMS der
du får tilsendt faktura på SMS., sjå meir informasjon.

Familiekort gjeld for ektefelle/sambuar.  Barn og ungdom tom fiskar gratis.

Kvittering for fiskekort blir sendt på SMS og fungerar som fiskekort ved kontroll.
Henting av ny kvittering kan gjerast når som helst ved å sende SMS med KVITTERING
FISKEKORT til 2470.

Kortet gjeld for stongfiske, sjå side om fiske for prisar, reglar og meir informsjon.

Screen+Shot+2018-12-04+at+09.47.10.png