Offentleg ettersyn

OFFENTLEG ETTERSYN – etablering av gapahuker i Vasetområdet

Fjellstyret har motteke ein sak frå Statskog som går på «grunndisponeringstiltak» jfr Fjellova § 12. 

Dette gjeld oppføring av 2 nye gapahuker i tilknytting til skiløypenettet kring Vaset. Dette vil også kunne nyttast sommarstid, då dette er etablerte turstigar på barmark. Det står allereie gapahuker på eit stad i løypa, der det eine er såpass dårleg at den skal rivast. Det er og ein del i høyringa om den eine av dei to etablerte skal bli ståande, for å gjere tilbodet betre sett i høve til friluftsliv. Totalt sett vil det då bli 3 gapahuker i dette området – alle inntil skiløype/turstig.

 Det er Brennabu Leirskule som står bak søknaden, og som evt vil drifte desse med tanke på vedlikehald/ettersyn m.v.

 Denne saka sendes på høyring til beitelaget, der det er 3 vekers høyringsfrist for uttale til dette.

 Eventuelle merknader til saka må sendast skrifteleg til Vestre Slidre fjellstyre, Slidrevegen 20, 2966 Slidre, evt epost: vestre.slidre@fjellstyrene.no og må vere motteke/i hende innan 3 veker, dvs seinast 12.03.2024.

Vedlegg
Kartvedlegg som syner plassering
Teikningar som syner planlagt konstruksjon