Turmål 2018

 

Turmålkassene blir sett ut til Jonsok (Sankthans) og vil bli henta inn etter haustferien (23.6-14.10).  
    Last ned deltakerskjema og oversiktskartkart
    Last ned detaljkart for alle turane.

Skjema vil også lagt ut i Vestre Slidre sparebank, kommunen og fjellstyret. 

Ti turmål er valt i ulike delar av kommunen. Du hentar poeng på kvar tur du tek. Dette gjer at du kan gå fleire turar til same posten om du ynskjer det. For å få krus må du ha .minimum 5 ulike turmål med til saman 245 poeng.

Turmåla kan ha mange ulike startpunkt og i turmålskjema er det eitt framlegg til turrute. Ved kvart turmål finn du ei turmålkasse med bok for å skrive inn namn og dato for besøket. Kontakttelefon fjellstyret: 909 21 654/957 04 838.

Turmålkassene blir sett ut til Jonsok (23.6) og vil bli henta inn etter haustferien (14.10).

Dei som har minimum 245 poeng fordelt på minimum 5 turmål, vil få eit porselenskrus med bilde frå Vestre Slidre. Levering av skjema  og henting av krus hjå Vestre Slidre sparebank i tida 15.oktober-1. desember.

Krusa er betalt av Vestre Slidre sparebank og Vestre Slidre fjellstyre.

Takk til dei som er med på dugnad med å setja ut turmål.

Hugs at det er bandtvang for hund frå 1. april til 10. oktober.

«Turmål i Vestre Slidre» ble startet opp i 2002 i sammenheng med FNs internasjonale fjellår og «Turmål» blir i år arrangert for 17. gang. Dette er et tiltak som har fått mange ut på tur til steder der de før ikke har vært på tur. Det er 10 turmål i ulike deler av kommunen, både korte og lange turer. Det er ulike poeng er hvor lange turene er. De som går til alle turmåla, vil få en porselenskopp i premie. Det er også mulig å flere ganger til samme turmål for å få nå nok poeng, men det må være minst 5 ulike turmål. Det er Vestre Slidre fjellstyret som arrangerer tiltaket med hjelp av frivillige til å gå ut med kasser og bøker. Krusa er betalt av Valdres sparebank, avd Slidre og Vestre Slidre fjellstyre.


Det er følgjande turmål i 2018: 

1. Kvithøvd
2. Olberg
3. Rennefjell
4. Kruk
5. Skardtjednet
6. Knippa
7. Ålfjell
8. Gråkampen
9. Langeberg
10. Skruvletjednet.


 

 Open bu ved Matkista

 

Ved Matkista (vest for Mosvatnet) har fjellstyret ei bu som står open til fri bruk. Det er 3 sengeplassar og du må ha med deg utstyret du treng. '

Ta med sovepose og fiskestong!

På same staden har vi også ein båt som fritt kan brukast.

Hytta og båten kan ikkje reserverast.

Kjør vegen frå Nøsen mot Jaslangen. Kjør vidare mot Grunke og stopp ved parkeringsplass 1200m vest for brua over Buaråne. Stig er merka frå parkeringsplass.

Om vinteren må du gå frå Buaråne. 

 

Bandtvang for hund (1.4-10.10)

 

Det er bandtvang for hundar frå 1. april til 10. oktober. Hundar skal også utanom bandtvagstida vera under kontroll. Reglane for bandtvang er viktige med tanke på å beskytte både husdyr og vilt. På grunn av svært låg rypestamme er det ekstra viktig at reglane også blir respektert i tida det ikkje er husdyr i fjellet. Det vil bli utført kontroll av fjelloppsynet og ev. brot må påreknast å bli meldt til politiet. 

Last ned brosjyre "Båndtvang, ditt ansvar som hundeholder"      

Les meir: Bandbestemmelse i Hundeloven

 

Camping 

 

Telt

Det er fritt å telte i statsallmenningen. Ikkje sett opp telt for nær bebyggelse (150 meter).

Campingvogn/bubil

Det er lov til å plassere campingvogn eller bubil i allmenningen. Vilkåret er at vogn og bil skal vera i bruk og dei kan ikkje setjast att når ein reiser frå området.

Rasteplassane er laga til for å ynskje reisande velkomen til å bruke området. Telt og campingvogner hindrar vanleg bruk av plassane. Vær derfor så snill at du ikkje campar på rasteplassane.

 

 Rasteplassar

 

Fjellstyret har laga til mange rasteplassar i allmenningen. For at det skal vera triveleg å bruke desse plassane er det viktig at alle ryddar etter seg. Hugs derfor å ta med deg søppel etter rasten. Det er sett opp containerar fleire plassar i fjellet.

Finn du nokon som ikkje har rydda etter seg, er vi takknemleg for at du hjelper oss med å ta med søppelet til næraste container.

Rasteplassane er ikkje campingplassar. Dei er laga til for at folk som er på reise kan ta ein stopp. Blir det plassert telt eller campingvogn på plassen hindrar dette til vanleg bruk. Vær derfor så snill at du ikkje campar på rasteplassane.

 

Bålbrenning 

 

Når er det lov til å brenne bål?

Forskrift om brannforebyggende tiltak § 8-2: «Det er forbudt å gjøre opp ild eller behandle ting som representerer en brannfare utendørs under slike forhold eller på slik måte at det kan føre til brann. Oppgjort ild må ikke forlates før den er fullstendig slokt.».
I forskriftens § 8-2 tredje ledd : Det er å gjøre opp ild i eller i nærheten av skogsmark i perioden15. april til 15. september.

Nettmagasinet Harvest.as publiserte nylig en artikkel om hvilke bestemmesler som gjelser for bålfyring i utmark. Artikklen er skrevet av Marianne Reusch som er er jurist med doktorgrad og spesialist på friluftsjus. Har kan det kanskje være noe å lære. 

Artikkelen finner du her: Ikke brenn deg på paragrafene  

 

Leige Hytte