Støl fell i det fri 

A. Det mest  vanlege årsak til at støl fell i det fri, er at stølen ikkje har vore i bruk dei siste 20 år. Stølsbrukaren kan også seia frå seg retten. Allmennigsretten er uansett i behald og ny støl kan visast ut dersom det seinare blir behov for støl.

Når støl fell i det fri etter punkt A, vil det normalt bli gjort vedtak om stølsvoll må leggjast i det fri og at stølsbrukaren får avgiftsfritt feste på husa. Festet blir knytt til garden og kan ikkje omsetjast som fritidsfeste. Fjellstyret kan også lyse stølen ledig for andre gardsbruk med behov for støl, men dette blir normalt ikkje gjort.

B. Støl fell også i det fri om garden ikkje lengre er å rekne som ein jordbrukseigdom lengre (f.eks. ved bruksrasjonalisering). Allmenningsretten er då falt bort og det kan ikkje visast ut støl seinare.

Når støl fell i det fri etter punkt B vil fjellstyret normalt lyse stølen ledig for gardsbruk med behov for støl.

§ 13. Løyve til å la hus m.m. ståande, bortleige m.m. på seter som er fallen i det fri
Blir seter som er fallen i det fri ikkje vist ut til ein annan eigedom med bruksrett, kan Statskog SF gi seterbrukaren løyve i inntil 10 år av gangen til å ha hus eller anlegg ståande utan vederlag til bruk for seg og huslyden om fjellstyret samtykkjer. Denne retten skal høyre under eigedomen, og kan ikkje skiljast frå han ved overdraging av husa.
Kontrakt om bortleige eller annan liknande bruksrett er likestilt med overdraging om ikkje retten er stifta for kortare tid enn 10 år utan rett for brukaren til forlenging eller fornying av kontrakten.

§ 17 i denne forskrifta gjeld tilsvarande for løyve etter første ledd.
Fjellstyret gjer vedtak om at husa skal fjernast om verken utvising eller løyve er aktuelt. Før fjellstyret gjer vedtak om fjerning av hus skal saka leggjast fram for regional kulturminnestyresmakt til fråsegn.

Departementet sine merknader til § 13
Føresegna om ei grense på 10 år i første ledd er ny, og vil gjelde for løyve som blir gitt etter ikraftsetjinga av endringane i forskrifta, sjå § 34. Om det ikkje er mangel på seter- og beiteområde i allmenningen, og løysinga ikkje vil vere til ulempe for bruksutøvinga, bør Statskog SF velje dette alternativet med løyve.
Også § 17 i forskrifta, om restriksjonar på endringar av bygg og krav om punktfeste, gjeld tilsvarande om seterbrukaren får løyve til å ha hus eller anlegg ståande utan vederlag.
Fjellstyret avgjer om hus eller anlegg skal fjernast eller ikkje. Når vedtaket er endeleg har Statskog SF ansvaret for oppfølginga, og avgjerd knytt til dette er ikkje enkeltvedtak og kan såleis ikkje bli klaga over.

§ 16. Bortfall av seterrett
Når seterretten fell bort fordi drifta på eigedomen er lagt ned og jorda teken i bruk til formål utanom jordbruk, eller fordi ein ikkje kan rekne eigedomen som ei jordbruksmessig eining eller jordbruk, jf. § 2 andre ledd i fjellova, skal fjellstyret gjere vedtak om
a. at setra skal visast ut til eigedom i drift som treng seter, jf. §§ 6 og 7, eller
b. at den tidlegare seterbrukaren må søkje Statskog SF om feste av tomt for seterhusa til fritidsformål, eller
c. at seterbrukaren fjernar husa om verken overføring eller oppretting av festekontrakt er aktuelt.
Blir setra vist ut til ein annan eigedom, skal fjellstyret gjere vedtak om at den førre seterbrukaren skal fjerne husa om ikkje han, innan ei viss tid, overdreg dei til den nye seterbrukaren.
Før fjellstyret tek avgjerd om fjerning av hus etter første ledd bokstav c eller andre ledd, skal saka leggjast fram for regional kulturminnestyresmakt til fråsegn.
Departementet sine merknader til § 16
Føresegna gir dei alternativa som ligg føre og prioriteringa mellom dei. Den tidlegare seterbrukaren sitt ønskje å få festekontrakt (bokstav b), må derfor vike for den som treng seter. Om alternativ c, fjerning av seterhus blir aktuelt, skal fjellstyret sjå til at krav om fjerning blir følgt opp.

Departementet sine merknader til § 16
Føresegna gir dei alternativa som ligg føre og prioriteringa mellom dei. Den tidlegare seterbrukaren sitt ønskje å få festekontrakt (bokstav b), må derfor vike for den som treng seter. Om alternativ c, fjerning av seterhus blir aktuelt, skal fjellstyret sjå til at krav om fjerning blir følgt opp.